Kvalitetsstyret for nasjonale turistvegar er redd for at 420 KV kraftline i luftspenn og vegarbeidet i «Kvammapakken» vil skjemma ut riksveg 7 så mykje at strekninga kan missa aktualiteten som framtidig Nasjonal turistveg.

Difor vil ikkje styret bruka pengar på denne vegen dei første fem åra, men følgje utviklinga nøye. Einaste unntaket er ei oppgradering av området rundt Steinsdalfossen ovanfor Norheimsund.

Riksveg 7 mellom Steinsdalsfossen og Vøringsfossen fekk status som nasjonal turist i 1997 som «Hardanger — fosser fonn og fjord». Det er mellom anna laga fine rasteplassar på begge sider av Fyksesund.

Fleire kjeppar i hjula

Den staselege Snøhetta-senteret i Kvanndal [pdf-fil] fekk eit skot for baugen då det oppstod tvil om trafikkmengda over ferjekaien når Hardangerbrua og Jondalstunnelen er på plass. No set kraftlina og Kvammapakken spikaren i kista, i alle fall for fem år.

I staden er det sett opp to glasfibertoalett på utsida av huset nede på kaiområdet. Der er venterommet med tilhøyrande toalett stengde. Det er så utriveleg at det aldri vert opna att.

— Publikum må nok klara seg med dette provisoriet i sommar, men vi set no i gang med planlegging av eit nytt venterom med toalett, opplyser Bjørn Andresen på regionvegkontoret på Leikanger.

Han er strekningsansvarleg for fleire vedtekne og komande turistvegar på Vestlandet.

Nybygget vil truleg få ei kostnadsramme på ein million kroner, monaleg mindre enn anlegget som vart planlagt av det internasjonalt kjende arkitektkontoret Snøhetta.

Vurderingane er gjort av Kvalitetsstyret, som held til på Lillehammer. Dei vil gje riksveg 550 Jondal - Utne turistvegstatus i år, og riksveg 13 Kinsarvik - Tyssedal frå 2010. Frå 2013 kan det også vanka turistvegstatus på riksveg 7 mellom Eidfjord og Ørteren (nær Haugastøl).

- Kortslutning

— Logisk kortslutnad, seier dagleg leiar Leif Anders Vambheim i Hardangerrådet i ein kommentar.

— Det er frå Jondal-sida (riksveg 550) at den skjemmande kraftlina vert mest synleg. Riksveg 7 ligg så tett inntil fjellveggen at ein frå vegen ikkje ser luftspennet i fjellet ovanfor, om det nokon gong kjem, poengterer Vambheim.

Han har sett brevet frå Kvalitetsstyret opp på rådet sitt møte i Odda torsdag.

Der skal dei også drøfta andre løysingar på kraftforsyninga enn i luftspenn gjennom Hardanger.

Vambheim er oppgitt over at riksveg 7 langs fjorden kan missa turistvegstatusen, medan strekninga over Hardangervidda er på veg inn att, til overmål forlenga austover frå Halne til Ørteren. Denne strekninga vart lagt til side då ordførarane i Hardanger prioriterte fjorden framfor fjellet.

Arne Hofseth