Turistsjef Kristin Handeland overtek som ordførar på Fedje. Etter eit særs godt val med nesten 10 prosent framgang, er partiet hennar, Ap, den største gruppa i kommunestyret, med 6 av 17 mandat. Samarbeid med KrF, som har 4 mandat, sikrar fleirtal. Den nye ordføraren er dotter til tidlegare fylkesordførar Gisle Handeland.