OVE A. OLDERKJÆR HELGE SUNDE (foto)Sundal, MaurangerKraftutbygging gav Sundal veg til resten av Kvinnherad. Folgefonntunnelen har knytt bygda tett til Odda. I 2012 vil Jondalstunnelen tilføra det vesle samfunnet under breen ytterlegare trafikk, frå Bergen og Austlandet.

Det er sundag og sommar i Sundal. På campingplassen ved sjøen er det fullt belegg. Parkeringsplassen i Bondhusdalen er overfylt.

Tilstrøyminga av turistar i bil er blitt så stor at ein ny parkeringsplass på andre sida av Bondhuselva er i emning. Slik at også denne delen av Isvegen kan bringa folk opp til Bondhusvatnet, «Keisarstien» og Bondhusbreen.

Is i drinken Isvegen i Sundal er 140 år gammal, nesten på alder med turismen i grenda. Han er bygd for frakt av is frå breen, til bruk i matkonservering og rikfolks drinkar i England.

Smelting under transporten gjorde iseksporten til ei stuttliva næring. Men Sundals samkvem med Europa tok ikkje slutt. Med ein arm av Folgefonna så å seia i fjorden blei Sundal eit stadig meir populært reisemål for velståande utlendingar.

Rundt 1900 kom det opptil tre dampturistskip i veka til Sundal om sommaren. Her steig dei i land og blei frakta med hest til breen. Nokre blei skyssa vidare over Folgefonna med hesteslede til Odda, der cruiseskipet plukka dei opp att.

Keisar Wilhelm II (1859-1941) av Tyskland var blant Mauranger-turistane den gongen. Han er opphav til tilnamnet «Keisarstien» på Gardshammarvegen frå dalen til Fonnabu, men skal sjølv ikkje ha vore i Bondhusdalen.

Til hytta på timen Juli 2008: Ved hovudvegen sit ekteparet Haldis og Ole Johannes Sjo og tre barnebarn rundt grillen utanfor campingvogna på Sundal Camping.

– I Sundal har vi det flott. Her er vi nær både sjøen og fjellet, om sommaren går vi tre-fire gonger til breen, seier Halsnøy-paret.

Som mange andre har dei langtidsparkert campingvogna i Sundal.

– Dette er tredje året. Hit køyrer vi ferjefritt på ein time frå Halsnøy, og kan ta dagsturar til Hardanger, seier Haldis Sjo medan Øystein Ohr (13), barnebarn frå Sandnes, passar pølsene på grillen. Bror Vebjørn (11) og søskenbarn Herborg Sjo (10) ventar på servering.

Nede ved elveosen har Peder Pedersen (64) sitt Sundal-eldorado. Nordlendingen som flytta til Husnes i 1969, har brukt tallause helgar og feriar i eiga campingvogn på Sundal Camping sidan 1980.

– Ein fascinerande stad, ein drøymeplass med lett tilgang til sjøen, fjellet og elva, seier den pensjonerte industriarbeidaren på konstant utkikk etter fisk i Bondhuselva.

– Den største laksen eg har teke her var fjorten kilo. Det er ei god lakseelv. Så langt i år er det fiska veldig lite, men hovudfisket er i august, seier Pedersen.

Turisme med måte Utanom Baroniet Rosendal er Sundal med Bondhusdalen og breen Kvinnherads største turistmål. Men Sundal skal ikkje bli ei rein turistbygd.

Arbeidet med stadanalysen for Sundal i 2006 – utført av Norconsult for Kvinnherad kommune – avdekte at reiselivssatsinga har sine motstandarar i bygda. Dei reiser kritikk mot mangelfulle trafikk— og serviceløysingar, og mot ein campingplass som har teke stadig meir av det avgrensa sentrumsarealet.

Campingplasseigaren er i stadanalysen positiv til å flytta campingplassen til neset på vestsida av Sundal, slik at det blir utviklingsrom også for bustadbygging, landbruk og anna næringsliv.

– Har framtid – Bygda har fått ei oppbløming etter Folgefonntunnelen. Sundal har ei framtid, seier Kenneth Bondhus (33), som er i ferd med å overta campingplassdrifta etter foreldra.

Saman med sambuar Inger Grethe Skeide (32) er Bondhus i ferd med å vaska ut av campinghyttene før neste gjesteinnrykk. Han fortel at paret har bygt nytt hus i Sundal.

– Sidan tunnelen kom i 2001 er det bygt fem nye hus, eitt til er under bygging, seier Kenneth, som saman med to brør hjelper til på heimegarden og campingen.

Kenneth har i tillegg røyrleggjarjobb i Odda, sambuaren er sjukepleiar på Odda sjukehus. Han saknar eit serveringstilbod i Sundal. Mauranger kro og vertshus er innstilt og lyst for sal. Ved ærverdige Sundal gjestgiveri er det heller ikkje drift.

I Olaløo er det derimot hektisk aktivitet, spesielt på forsommaren. Her tek Kjersti Bondhus imot og serverer blåtur- og firmagjester. Også ho fortel om trafikkvekst med Folgefonntunnelen.

VENTAR PÅ NAPP: Peder Pedersen ventar på nye storlaksar i Bondhuselva, august er beste fiskemånad.

VERTSKAP: Sambuarparet Inger Grethe Skeide og Kenneth Bondhus har klargjort campinghyttene for nye Sundal-turistar.

BREFALL: Bondhusbreen har vakse og minka gjennom tidene, og er eit spektakulært syn ved enden av vatnet.

Foto: K. Knudsen

HELGE SUNDE