OVE ARNE OLDERKJÆR

Torsdag kan Kvinnherad kommunestyre koma til å setja ein uoverkomeleg bom for Jondalstunnelen. Det skjer fordi lokalpolitikarar er dregne inn i vegkontoret og fylkesadministrasjonen i Hordaland sin svertekampanje av tunnelprosjektet mellom Jondal og Kvinnherad, meiner Miljøvernforbundet.

— Vegdirektoratet si godkjenning av at Jondalstunnelen skal inn i turistvegprosjektet skapar ein heilt ny situasjon og er ikkje trekt inn i vegkontorets plan- og saksarbeid, skriv leiar Kurt Oddekalv og saksbehandlar Per Nordø i brevet til vegdirektør Søfteland.

I motsetnad til Naturverforbundet er Miljøvernforbundet tilhengjar av kort Jondalstunnel som gir veg i dagen gjennom kulturlandskapet i Nordrepollen. Bakgrunnen er at lang tunnel ifølgje forbundet blir for dyr og skyv tunnelprosjektet ut i det blå. Og ei skrinlegging av Jondalstunnelen gir betre kår for Miljøvernforbundets forhatte Hardangerbru.

Turistvegstatus for vegen frå Odda via Utne, Herand. Jondal og Jondalstunnelen til Mauranger i Kvinnherad vil vera svært viktig for både regionen, fylket og heile nasjonen, meiner Nordø og Oddekalv. Utan tunnel krevst det ei storstilt og øydeleggjande opprusting og av eksisterande turistveg frå Jondal til Herand og Utne, ifølgje Miljøvernforbundet.

Spørsmålet Kvinnherad kommunestyre skal ta stilling til torsdag, er om overskotsmidlar til Folgefonntunnelen skal kunna gå til delfinansiering av Jondalstunnelen.