— Eg unner Bergen all mogeleg vekst og framgang, men det er leit at denne motoren i vestnorsk reiseliv ikkje lenger gir gode ringverknader, seier direktør Bjørn Myhren i Hordaland og Bergen Reiselivsråd til Bergens Tidende.

Dumpar prisane

Han viser til at norske byhotell auka talet på overnattingar med 50 prosent i perioden 1992-98, samstundes som distriktshotella gjekk attende med fem prosent.

— Bakgrunnen er at det er bygt mange nye hotell i byane. Dei satsar primært på forretningsreisande, og dumpar prisane for å fylla sengene i ferieperiodane - når turisthotella har bruk for inntektene, forklarar Myhren.

Sjølv om turiststraumen kan vera stor gjennom distrikta, er det i byane pengane vert lagt att. Der har også transportselskapa sine hovudkontor.

Etableringar

Medan det i byane stadig har kome nye hotell dei siste åra, er det langt mellom nyetableringane i distriktet. Samson Bjørke har bygt opp ei innkvarteringsbedrift i Os. Dessutan vert det no bygt nytt hotell i Eidfjord.

Myhren har likevel eit visst inntrykk av veksten for byhotella er i ferd med å flata ut.

— Eg trur at fleire byar får mindre vekst i sommar enn dei har rekna med. Vi får ein peikepinn om dette når siste månadsoversyn vert frigitt på fredag, seier han.

Legg att meir

— Trøysta får vera at omsetnaden har minka langt mindre enn talet på overnattingar. Kvar gjest legg med andre ord att meir pengar enn før, seier Myhren.

Han har statistikk som viser at talet på gjestedøgn i Hordaland, medrekna Bergen, auka med 0,8 prosent frå 1998 til 1999, medan omsetnaden på hotella auka med 3,7 prosent.

Heile auken på overnattingar kom i Bergen. Voss hadde 1,5 prosent omsetnadsauke trass tre prosent færre overnattingar. Omsetnaden på Hardangerhotella i 1999 var den same som året før, trass 5,7 prosent tilbakegang på overnattingane. Osterfjorden/Bjørnefjorden er verst stilt i fylket etter å ha tapt 22 prosent av overnattingane og 3,7 prosent av omsetnaden.

Dette må likevel sjåast i samanheng med ein formidabel auke i 1998, særleg for yrkesreisande. Svikt

Avviket frå trenden er Sotra/Øygarden, som etter eit stort oppsving på ferie- og fritidsmarknaden i 1998, tapte mange gjestedøgn (15,8 prosent) og enda meir omsetnad (18 prosent) i fjor.

Bergens Tidende har sett litt på rekneskapstala for dei einskilde hotella. Utsett innleveringsfrist til Brønnøysundregistra gjer oversynet er ufullstendig. Trenden er at mange hotell får mindre inntekter, men dei fleste er flinke til å kutta kostnadene, slik at det likevel blir overskot.

Blant unntaka er Sandven Hotell i Norheimsund og Eidfjord Hotell i Eidfjord. Dei har hatt fin omsetnadsauke dei siste tre åra. Sistnemnde har den fordelen at naboen Vøringfoss er ute av drift grunna rivings- og byggearbeid.