Omsetninga på losji aukar med heile 23 prosent frå i fjor, og gjennomsnittsprisen går opp med ni prosent.

— Med 22.000 fleire gjestedøgn hittil i år enn i 2003 kan reiselivet i Hardanger sei seg godt nøgd, seier direktør Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord AS i ei pressemelding.

14.000 av dei tilreisande er nordmenn.

— Når National Geographic Traveler kårar oss til verdas beste reisemål i konkurranse med alle dei store internasjonale ferieplassane, vaknar Ola Nordmann og ønskjer å oppleva ferieparadiset sjølv, seier Helge Møller.

Talet på utanlandske overnattingar aukar også. Størst stigning blant utanlandske gjester har Storbritannia, Nederland, Frankrike og Japan.