Dette har forskarane Eivind Farstad og Petter Dybedal ved Transportøkonomisk Institutt rekna ut etter oppdrag frå Destinasjon Voss.

– Vi har nytta residualmetoden. Total omsetnad i kommunen er fråtrekt det som fastbuande handlar for sjølve, fortel Eivind Farstad.

Dette finst det gode modellar for.

– Er alle turistar, som ikkje bur fast på Voss?

– Vi held oss til den internasjonale definisjonen til World Tourism Organisation; at turisme er aktivitetar til personar som reiser eller oppheld seg på stader utanfor sitt ordinære opphaldsområde i mindre enn 12 månader, uavhengig av føremålet med reisa.

Festivalbygd

– Ein bergensar som rastar på Voss på veg til Austlandet, er med andre ord ein turist?

– Ja, han er så avgjort med i gruppa som turistnæringa vil henta inntekter frå. Voss skil seg ut med langt større del slike «turistar» enn til dømes Hemsedal og andre stader vi har granska.

– Kva er grunnen til det?

– Voss er eit trafikknutepunkt, og har i tillegg skianlegga og mange attraktive festivalar kvart år.

– Gir festivalane store utslag?

– Vossa Jazz, Ekstremsportveka, Voss Cup, Osafestivalen og dei andre er svært verdfulle for næringa. Dei er også med på å gjera Voss til ein heilårsdestinasjon. Etter vår vurdering genererer festivalane ein omsetnad på snaut 15 millionar kroner årleg.

– Har det mykje å seia at alle pensjonata i sentrum er lagt ned?

– Vi har registrert at det er eit hol i marknaden her, men kan ikkje talfesta verknaden, seier Farstad.

Hytteboom

Han har merka seg at sterk auke i bygging av hytter og fritidsbustader har gjort utslag også i turistsamanheng. Her er store verdiar i omløp, og hytteeigarane fell etter kvart inn under turistdefinisjonen. I omsetnadstala på dette feltet er straum, brensel, bygsling, bompengar, brøyting og enkle vedlikehaldstenester rekna med. Salsverdien av nye hytter/husvære, eller oppgradering av gamle, er derimot ikkje rekna med.

Av 53 millionar kroner i tomtesal til hyttefelt og fritidsbustader fell 48 millionar på lokale grunneigarar. Lokale utbyggarar får hand om 50 av rundt 70 millionar kroner i prosjektfortenesta. Arbeidet med grunnarbeid, oppsetjing og innreiing av hytter m.m. er utrekna til 92 millionar kroner, derav 70 millionar til lokale føretak, medan 22 millionar går til utanbygds firma og til utanbygds arbeidskraft i lokale verksemder.

Kva synest du om Voss som turiststad? Sei din meining i kommentarfeltet under:

FESTIVALBYGDA: Dei mange festivalane i løpet av året aukar omsetnaden og gjer sitt til at Voss er ein heilårsdestinasjon. Her frå ei paraglidingsoppvising under Ekstremsportveka.
Arne Hofseth