Tidlegare i kveld gjekk det føre seg ein leiteaksjon i området mellom Flekke og Dale i Fjaler kommune.

— Turgåaren har mørkna ute etter å ha vore på ein fjelltur på Jarstadheia. Ho melde sjølv ifrå om at ho hadde mista stien på veg nedover og ikkje visste kor ho var, sa operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt i 20-tida.

Eit redningshelikopter, samt mannskap frå Røde Kors frå Fjaler, Gaular og Hyllestad blei sett inn i søket. Tre ekvipasjar frå Norske Redningshunder deltok også i aksjonen.

Kvinna i 40-åra er ikkje frå området. Politiet fekk melding frå turgåaren klokka 18.11.

— På grunn av dårleg dekning har vi ikkje kome i kontakt etter første telefon, opplyser Værøy.

Like før klokka 22 ble dei sakna kvinna funnen i god behold, opplyser politiet.