– Det blir ein trøkk utan like, seier eventsjef Anne Oline Gullaksen i Reisemål Sunnfjord til firda.no.

Turboneger som kjem med ny plate i juni, skal opne årets Quartfestival, men startar Norges-turnéen i Førde på Sommarfesten 9. juni.

Sommarfesten som i fjor hadde 2800 besøkjande, set i år ei grense på 3000 publikummarar.

Gullaksen lovar å ha dei resterande artist-namna klare 4. april, då blir også billettane til årets Sommarfest lagt ut for sal.

TIL FØRDE: Turboneger spelar på Sommarfesten 9. juni.
Scanpix