Omkøyringa via Sævareid blir over tre mil. For trafikken til Flesland og Bergen blir vegen om Tysnes og ferjesambandet Våge — Halhjem eit alternativ. HSD held på å setja saman alternative bussruter, og vurderer ei ekstra båtrute for skuleelevar og pendlarar mellom Gjermundshamn og Mundheim.

Tunnelane på den 40 år gamle vegen mellom Gjermundshamn og Mundheim er altfor låge for store delar av tungtrafikken. Det er bakgrunnen for den omfattande og samanhengande strossinga som Vegvesenet no set i gong. På eit møte på Hatlestrand onsdag blei det opplyst at tryggleik og framdrift tilseier at vegen må totalstengjast heile anleggsperioden.

Ifølgje prosjektleiinga vil det bli freista å gjera anleggstida så kort som råd er. Det blir sett inn ein stor arbeidsstyrke på to skift, slik at jobben kan vera ferdig fortare enn først rekna med. Tunnelane vil no bli 4,5 meter høge. Seinare er det óg meininga å få lys i tunnelane.

— Mange får ulemper når vegen blir stengt på denne måten. Men det er det mest fornuftige opplegget som er valt, slik at den høgst påkravde jobben blir gjort ein gong for alle, seier Hatlestrand-bonden Knut Johan Nerhus.