• På biletet er holet øvst og lengst til venstre tunnelen som trafikken forsvinn inn i med ein gong dei er ferdig med brua.– Fiks ferdig skal tunnelportalen ha ei høgd på 23 meter ved utgangen, seier Statens vegvesen sin byggjeleiar, Magne Mo, til BT.
  • Lengre nede og til høgre ser vi inngangen til sykkel— og fotgjengartunnelen. Denne svingar seg opp i vegtunnelen litt innanfor portalen. Til så lenge fungerer sykkel- og fotgjengartunnelen som anleggsveg for maskiner og lastebilar.
  • Litt lengre nede ser vi endå ein tunnel. Det er fylkesvegen til Djønno.
  • Over husa på garden, der det ligg ei steinfylling, skal det sprengjast ut kammer i fjellet for feste av berekablane til brua.Inne i fjellet

– På Bu-sida skal tilførslevegane også for det meste leggjast inne i fjellet. Ein stor hall skal sprengjast ut og romma rundkøyringa som skal leia trafikken mot Kinsarvik eller Eidfjord.

– Tunnelen mot Eidfjord er no nesten komen fram til rundkøyringa, og vi har starta arbeidet inne i fjellet med utvidinga for rundkøyringa, seier Magne Mo.

Vegen frå Bu mot Eidfjord skal gå på ny fylling over Bugjelet. Magne Mo seier at det skal murast ein stor opning i botnen for vatnet før dei fyller heilt opp.

Tunnelen stengt i haust

– Når stengjer de Vallaviktunnelen, slik at all trafikken må køyra via Ulvik?

– Det skjer frå 28. September til 23. November i år, seier Magne Mo.

På dei åtte vekene må entreprenøren, AF Gruppen, sprengja ut ein hall nær utgangen av Vallaviktunnelen og gjera klar ei rundkøyring for kryssande trafikk frå Hardangerbrua. Det er kritisk med omkøyringa på smal og dårleg veg over Ulvikefjellet, så vegvesenet vil akta på at Vallaviktunnelen vert opna att etter avtalen.

SVEITSAROST: Fjellet i Vallavik får stadig fleire hol. Oppe til venstre det nye pilotholet. Til høgre tunneltilkomst til Hardangerbrua for gåande og syklande. I midten nede kan tunnelen på fylkesvegen til Tjoflot skimtast.
ARNE HOFSETH
SVEITSAROST: Biletet er frå anleggsarbeidet i slutten av april. FOTO: ARNE HOFSETH