Hordaland fylkesting avgjer saka under samlinga på Lofthus tysdag og onsdag. Fylkesmannen tilrår alternativ 6 i Kvinnherad og det korte alternativ 2 i Jondal.

– Fylkesrådmannen si løysing er svært belastande for Torsnesbygda, seier Henning Grønhaug.

– Eg skjønar ikkje korleis reknestykket heng i hop, seier Jon Larsgard.

Han får det ikkje til å rima at tunnelsprenging skal vera så mykje dyrare i Jondal sin ende av tunnelen enn på Kvinnheradsida.

**Les også:

Tilrår «halvgod» Jondalstunnel**

Reknestykke

– I Nordrepollen får dei lengre tunnel fordi prisen på 1500 meter lengre tunnel minus 1350 meter kortare veg er sett til 2,7 millionar kroner. På Jondalsida er 800 meter lengre tunnel pluss 1450 meter ny veg minus opprusting av 2000 meter gammal bygdeveg prisa til heile 75 millionar kroner, påpeikar Larsgard.

– Heilt ubegripeleg, samstemmer Grønhaug.

– Men prisane baserer seg på innhenta tilbod, som entreprenørane i utgangspunktet må vedstå seg?

– Likevel får eg ikkje dette til å rima, seier Grønhaug.

Artikkelen fortset under illustrasjonen...

Han viser til at det ikkje er laga konsekvensanalyse for opprustinga av eksisterande veg gjennom Torsnesbygda som fylkesrådmannen tilrår. Framlegget om dumping av tunnelmassar i fjorden er avslått av styresmaktene. Difor må 350.000 kubikkmeter stein plasserast på land, og reguleringsplan for denne haugen vantar.

Grønhaug appellerer til Fylkestinget om å velja avvisa alternativ N2 og gå for N6 i Jondal, tilsvarande Fylkesrådmannen si tilråding om alternativ S6 på Kvinnheradsida (Nordrepollen).

– Dette er det beste alternativet både for bygda og trafikantane. Grunneigarane stiller areal til rådvelde for steindeponiet dersom vegen kjem her, seier Grønhaug.

Mange alternativ

Jondalstunnelen vart i utgangspunktet utgreidd i mange alternativ, men ein vart etter kvar ståande med tre moglege endepunkt på kvar side av fjellet. desse alternativa fekk namna N2, N6, N9, S2, S6 og S9 der N står for nord (Jondal) og S står for sør (Kvinnherad). Tala 2, 6, og 9 indikerer tunnellengder, der 2 er kortast og 9 er lengst.

Byggherren, Hordaland fylkeskommune, gjorde det uvanlege å lysa ut arbeidet på tilbod før val av alternativ. Entreprenørane skulle gje pris på kortaste alternativet N2-S2, men også tilleggspris for lengre tunnelar. Så skal prisane avgjera kor lang tunnelen blir.

På bakgrunn av innkomne tilbod tilrår Fylkesrådmannen løysinga N2-S6, det vil seia kortløysinga i Jondal og mellomløysinga i Kvinnherad. Vel ein 6-alternativet i begge endar, vert godkjent kostnadsramme overskriden.

Sterke reaksjonar

Bygdefolket på Torsnes er mildt sagt usamde i tilrådinga som Fylkestinget får på bordet på Lofthus. Henning Grønhaug er svært kritisk også til tidsaspektet.

– Tilrådinga vart kjend fredag, skal drøftast i Samferdsleutvalet og Fylkesutvalet tysdag, og avgjerast i Fylkestinget tysdag eller onsdag, påpeikar han.

– Sanneleg ikkje mange dagane å summa seg på, og innimellom kom helga. Dette luktar mistenkjeleg av taktikk, seier Grønhaug.