I ein månad skal taket utbetrast for å unngå fleire ras. Ferjer mellom Skjersholmane og Valevåg vert sett inn for å få unna trafikken. Det skriv Haugesunds Avis.

— Dette er ein sak me tek ekstremt alvorleg, og som me ønskjer å vera fullstendig opne og ærlege om. Me snakkar om ein åtte kilometer lang undersjøisk tunnel, og tek sjølvsagt ingen sjansar som går på kostnad av tryggleiken der inne, seier distriktsvegsjef Astrid Eide til Haugesunds Avis.

Ho beklagar ulempene stenginga fører til for trafikantane.

— Sikringa må gå framføre framkomsten, det håpar eg alle har forståing for, seier Eide.

Geologar har har gjort grundige undersøkingar og er sikre på at det ikkje er umiddelbar fare for ytterlegare nedfall. Det er årsaka til at tunnelen ikkje vert stengd umiddelbart.

— Kvifor vert ikkje tunnelen stengt umiddelbart, dersom det fell massar frå taket?

— Det stolar eg fullt og heilt på. I eit tvilstilfelle så hadde eg ikkje hatt det minste problem med å stengja tunnelen på timen, seier Eide til Haugesunds Avis.

Ho tek likevel situasjonen så alvorleg, at ho har avlyst ein bestilt ferietur til Tallin.

— Det er klart eg vert uroleg når slike ting skjer. Ved unnatak av trafikkulukker og øvingar så er dette første gong tunnelen vert stengt sidan opninga i romjula 2000. Eg tykkjer slett ikkje dette er noko kjekt, innrømmer ho.

DERFOR STENGES TUNNELEN: Bildet viser et av punktene der det har vært nedfall. Her ser vi flak av sprøytebetong og litt rasmasser oppå hvelvet.
Statens Vegvesen
NORMALEN: Slik skal det se ut i Bømlafjordtunnelen.
MÅ TA FERIEFERGE: Bømlafjordstunnelen under åpningen 30. november 2000.