• Ein tunnel gjennom Dyrahei, rett vest for Halne fjellstove, er ein god måte å starta arbeidet med vintersikring av Rv. 7 over Hardangervidda. Prisen er 200 millionar kroner.

— Tunnelen gjennom Dyrahei vert ca. to kilometer lang. Han ligg halvveges mellom bommane i kvar ende på vegen over vidda. Denne tunnelen ville derfor vera til god hjelp for å halda opp regulariteten vinterstid. Kolonnekøyringa over vidda ville vera mykje mindre risikabel med ein tunnel halvveges, seier Kjell Kvåle i Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Prisen for denne tunnelen med tilknyting er grovt rekna til 200 millionar kroner.

Kvåle er prosjektansvarleg for arbeidet med å greia ut moglege tunnelløysingar på Rv. 7 over Hardangervidda. Oppdraget gjekk ut frå samferdsleminister Torild Skogsholm hausten 2002. Ein rapport om dette skal leverast til vegstyresmaktene før jul. Der vil det stå ein god del om kvar det er best å byggja tunnelar, både med tanke på trafikken og med tanke på villreinflokkane som ønskjer å kryssa vegen om vinteren.

Tunnelen under Dyrahei var ein av fire tunnelar som Norges geotekniske institutt streka opp i ei brosjyre som dei laga for Statens vegvesen og Fylkesmannen i Hordaland først på 90-talet. I tillegg til tryggare avvikling av biltrafikken, vil tunnelane gje lange strekningar utan veg eller brøytekantar. Tanken er då at villreinen mykje lettare kan kryssa til nordre del av Hardangervidda og attende.

Rein på tunneltaket

På NGI sitt kart frå 1992 markerer ei pil at villreinen har ei viktig trekkrute over Rv. 7 rett aust for tunnelen gjennom Dyrahei. I rapporten som kjem til jul vil NINA summera opp den nyaste forskinga på dette området og gje si vurdering av kva tunnel har å seia for villreinen.

Formann i Eidfjord fjellstyre, Aslak Myrvang, trur ikkje dette er noko problem.

— Dersom villreinen finn det vanskeleg å kryssa vegen på ein stad, prøver han ein annan stad. Eg er ikkje i tvil om at ein tunnel vil avhjelpa dei problema villreinen måtte ha vinterstid med å krysse vegen. Det har vi sett på dei trekkja som villreinen gjer mellom Hardangervidda sør og Setesdalsheiane. Der veit vi at villreinen nyttar tunneltaka på Haukelivegen, seier Aslak Myrvang.