Berre Framstegspartiet røysta imot då Halsnøysambandet var oppe til behandling. Arbeidet med den fire kilometer lange tunnelen til 343 millionar kroner kan ta til ved juletider neste år og vera ferdig til 2008.

— Ja, no er me glade. Og dette passar godt med konjunkturane med ledig anleggskapasitet og låg rente, seier dagleg leiar i Fastlandssamband Halsnøy AS, Nils Arne Fosse.

Det har vore lang ventetid og ein kraftig kostnadsauke for bompengeprosjektet. No er det ingen veg tilbake. På nyåret går ferjetakstane opp med rundt 20 kroner for liten bil i sambandet Sunde - Ranavik - Skjersholmane. Det handlar om førehandsbompengar til eit prosjekt der staten berre yter 112 millionar kroner.

I tillegg blir det bompengeinnkreving i 15 år frå ein ubemanna bomstasjon ein stad mellom Tofte på Halsnøy og Opsanger ved Sunde. Taksten her blir knapt 80 kroner i snitt. I alt skal trafikkantane betala inn 197 millionar kroner, Kvinnherad kommune har løyvt 34 millionar.

Vegvesenet vil med Halsnøysambandet lata ferjetrafikken frå Kvinnherad til Stord gå frå Ranavik. I Kvinnherad er det etablert ein aksjonskomité for å halda på Sunde ferjekai, mellom anna for å spara bustadområda på Halsnøy for ein sterk auke i biltrafikken.

Bompengeselskapet må no ut på lånemarknaden for å finansiera prosjektet. Hordaland fylkeskommune har gitt lånegaranti.

Halsnøysambandet er kalkulert med ein negativ nytteverdi økonomisk, rundt minus 104 millionar kroner netto, som gir eit netto nytte-/kostnadsforhold på minus 0,2.