I Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland, står i dag seks bilar dønn i ro. Ifølgje politiet er det personar som skulle på ski, som har funne det for godt å parkere her.

– Dette er svært korttenkt, kommenterer operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane polidistrikt.

Strengt forbode

– Alle som har førarkort bør vite at det er forbode å stoppe i tunnelar, seier Rimmen.

Politiet har fått fleire meldingar frå forbipasserande, som har reagert på parkeringane. Politiet fryktar at det kan skje ulykker.

– Ingen forventar at det står køyretøy parkert inne i ein tunnel, der det jo er avgrensa med plass, seier Rimmen.

Førarane vil bli anmeldt

Politiet har notert ned bilnummera til bilane og vore i kontakt med nokre av bileigarane på telefon.

– Det er inga unnskyldning at det ikkje er oppbrøyta parkeringspass utanfor, seier operasjonsleiar.

Bilførarane vil bli meldt til politiet.