— Men no må vi ikke tru at dette berre er eit «baltisk» problem. Norske og utanlandske køyrety er innblanda sånn rundt fifty-fifty, seier fungerande avdelingsleiar i Vegdirektoratet, Finn Harald Amundsen, til BT.

Direktoratet har laga ein rapport basert på innsamla opplysningar frå sist vinter. Rapporten er sendt over til Samferdsledepartementet. I eit vedlagt brev skriv Vegdirektoratet at utanlandske trailerar truleg er innblanda i opptil 35 prosent av ulukkene med tunge køyrety på norske vintervegar.

Det er likevel enormt mykje om vi legg til grunn den utanlandske delen av samla tungtrafikk på norske vegar.

Store kostnader

Historiar om vogntog som køyrer utfor eller sperrar vegar om vinteren, er daglegdags i perioden januar til mars. Dei historiane som kjem fram i media, handlar gjerne om utanlandske vogntog utan kjettingar, og rett som det er med berre sommardekk.

Resultatet er ofte at vegar vert stengde i timevis. Det medførar store kostnader både for næringslivet og for det offentlege, skriv Vegdirektoratet.

Vegetaten meiner å kunna slå fast at ulukker med tunge køyrety fører med seg totalt ca. 1000 timar med stenging av norske vegar om vinteren. 1000 timar er det same som ca. 40 dagar.

Nytt loggsystem

— Men no viser tal frå Viking bergingsteneste at halvparten av køyretya som måtte bergast, var utstyrt med kjettingar?

— Det er rett. Men dersom vi kan nå ut med informasjon og opplæring om bruk av kjetting, så kan omfanget av dette problemet likevel minkast. Den rapporten vi kjem ut med no er ufullstendig. Men til vinteren tek vi i bruk eit nytt loggsystem innanfor vegetaten. Då vil vi få betre rapportering og meir presise tal neste år. Så skal vi diskutera med departementet kva slags tiltak som trengst for å minka problemet med vinterulukker, seier Finn Harald Amundsen.

Rapporten om tunge køyrety og vinterulukker fortel og at alle som er rapporterte med sommardekk om vinteren, er utanlandske. Men det finst ikke grunnlag for å påstå at utanlandske transportørar er dårlegare til å gjera opp for seg etter utførte bergingsoppdrag. Av rapporten går det tvert om fram at dei fleste ubetalte rekningane gjeld norske transportørar.

Rapporten opplyser og at ulukker med tungtrafikk vinterstid kravde 275 menneskeliv i perioden 1990-2005. 545 menneske vart hardt skadde i same perioden. Desse tala er baserte på politirapportar frå nesten 3.000 ulukker.