Vekta på ein slik dings er 13 tonn, og salen står no 185 meter over havet, ved toppen av ein seks meter høg tverrbjelke, eller rigel, som det heiter på fagspråket, mellom dei to beina i brutårnet på Bu-sida.

Salen er av spesialstål og skal halda berekablane på hengebrua i rett spor gjennom hol oppe ved toppen av brutårna. Det nyttar ikkje med betong til slikt.

Komplisert

I morgon skal salen på det andre beinet til vêrs.

— Det blir ei meir komplisert affære, seier Kjell Neset, driftsleiar i Veidekke for arbeidet på denne sida av fjorden.

Tårnet på Vallaviksida har ikkje nådd rett høgde enno, fordi støypinga der tok til seinare.

- Kvifor er det meir komplisert i morgon?

— Fordi det andre beinet står lengre frå fundamentet til krana. Med 13 tonn på kroken, kan vi ikkje nytta dei ytre delane av armen på krana, seier Neset.

På hjul

Han minner lova i fysikken, at moment er vekt multiplisert med arm.

Er vekta tung, må armen vera kort, skal krana makta løftet.

Kva gjer ein så?

— Vi monterer hjul på salen. Lyftar han opp på rigelen, så langt ut som krana toler, og så trillar vi han på plass.

Gler du deg til brua står ferdig? Sei meininga di.