Den tre tonns tunge gravemaskina stod parkert i Firdavegen. Klokka 16.21 i dag fekk politiet melding om at skuffa på maskina var vekke.

– Det er den grabben ein puttar ned i jorda som er stolen. Den veg ein del kilo så truleg må tjuvane ha løfta den rett i ein hengar, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er mogleg bandittane hadde nøklar som passa.

– Ifølgje eigaren kan nøklane i slike maskiner brukast om ein annan, seier Stokkereit.