I 1973 la Statens vegvesen om vegen ved Haugland, ein og ein halv kilometer nord for Halhjem ferjekai.

Sidan 1973 har Haugland stengt alle glasrutene om natta i huset, som då fekk europavegen fire meter frå veggen. Kompensasjonen for vegvesenets ekspropriering den gong var på 5.000 kroner. Oldemora føler seg overkøyrt av Statens vegvesen.

— Eg kan ikkje sitja ute lenger, for tungtrafikken tek slik på øyret, seier Haugland oppgitt.

Betalte sjølv for isolering

Trass Hauglands dårlege hørsel, kjenner ho den stadig aukande tungtrafikken på E39 som uuthaldeleg, både inne og særleg utandørs. Einaste gongen det er roleg, er når ferjene tek pausar på opp mot to timar om natta.

I vinter kosta ho på nytt isolerglas på sørveggen. Tidlegare har ho sjølv betalt for isolering i glasa som vender direkte mot vegen. Denne isoleringa meiner ho vegvesenet skulle betalt for. I tillegg ønskjer ho ein støyvegg mot vegen.

For to år sidan rekna vegvesenet sine støymålarar seg fram til at det er eit gjennomsnitt på 40 desibel inne i huset. Grensa for å få støyskjerming går ved 42 desibel, dermed måtte Haugland klara seg utan ei stund til.

Overlege engasjerer seg

Kommuneoverlege Jan Norvald Øren i Os meiner vegvesenet bør vere meir liberale med grensene når støyen er som den er. Han vart kontakta av Hauglands barnebarn tidleg i juni i år. Overlegen besøkte Haugland, og fann støyen frå bilvegen sterkt ubehageleg. Då han kontakta vegvesenet viste det seg at dei vil gjere nye berekningar i august.

— Om berekningane då kjem over grensa, må vegvesenet dempe støyen, seier Øren.

Kjem verdiane under grensa, vil Øren vurdere om han kan be vegvesenet setje i verk tiltak likevel. Då med bakgrunn i helsefaren ved å opphalde seg ute i hagen, og søvnplager støyen fører med seg.

Astrid Haugland har svært svak hørsel.

— Det er ikkje usannsynleg at støyen kan vere ein medverkande årsak til desse plagene, meiner Øren, men understrekar at dette er vanskeleg å stadfeste.

Held på grensene

— Det er mange bustader i Bergen som ligg rundt 41 desibel, og vi kan ikkje gjere unntak for enkeltbustader, forklarar Hilde Sanden Nilsen, overingeniør i Statens vegvesen.

Ho medgjev at folk stort sett ikkje vil kunne høyre forskjell mellom 41 og 42 desibel.

— Dessverre har vi ikkje ressursar til å innføre støytiltak for alle som ligg like under grensa.

Neste støyberekning for bustaden til Astrid Haugland vil ta høgde for trafikkauke fram til 2012.

— Får vi derimot ei formelt brev frå legen, vert det ein sak mellom han og Statens vegvesen, seier Hilde Sanden Nilsen.