Det 1640 tonn tunge bustadkvarteret i blank aluminium skal flytast på lekter berre ei knapp sjømil over til Aker Stord. Der blir byggverket til nær ein halv mil-liard kroner etter kvart montert på Gjøa-plattforma.

Aker Stord byggjer dekket til plattfor-ma, som innleiar sitt liv i havet vest av Sogn om eitt år, med franske GDF Suez som operatør.

Leirvik Module Technology i Aslaksvik på Stord fekk bustadmodul-kontrakten med StatoilHydro i februar 2007. Hotellet har eit areal på 3600 kvadratmeter og inneheld blant anna 100 enkeltlugarar, kinosal, møterom, kjøken, matsal, vaskeri, sjukerom, sjukelugar, kaffibarar og solarium.

Helikopterdekket som skal stå på bu-stadkvarteret, er laga av Marine Alumi-nium på Eldøyane ved Aker Stord. Stord Offshore har levert seksjonar til hotellet.

Ove A. Olderkjær