Camilla Ahamath i BTV lova å scora, og gjorde det. Tove Gulbrandsen frå BA sette nesten ballen i mål, Siri Llill Mannes i TV 2 gjekk stadig i knallharde duellar med motspelarane og den tidlegare Brann-spelaren Tore Strand, no sportssjef i BT, sende opptil fleire ballar i nettet.

Se video!

Stadion var Torgalmenningen og Tufte IL var i byen. Nerdane i gult og grønt, tv-heltane, dei som for eit år sidan knapt visste kva fortball var, var komne for å visa at det ikkje berre er mot Vålerenga dei greier å scora mål.

– Heia Tufte, ljoma høgtalarane og vi blei vitne til mange lange utspark, tøffe taklingar, høge ballar, voldsom innsats og til tider elegant spel. Eit sleipt triks sende Davyen av banen med raudt kort, frå før hadde han eit gult.

Innkasta til Sirilill var kjempelange. Thor Joachim frå Tufte gjorde rundkast på skiferen før Øyvind scora nett i det Bård Ose frå NRK hadde overteke keeperjobben etter BT-redaktør Einar Hålien.

Medielaget spelte i lyseblått og svart. Manager Harold Sletten kom stadig med gode råd frå sidelina til spelarane, og heile tida var det nokon som minna han om at det er handballspelar han eigentleg er.

Blant publikum stod 13-åringane Camilla Solberg og Marie Haukebø frå Austevoll klar med autografblokkene. Og det var ikkje først og fremst journalistane sine autografar dei var ute etter.

HARDE TAK: Lagkameratene fortviler over at en Tufte-spiller er nede for telling.
BTV