På Agatunet er det freden som rår. Over dei skiferkledde hustaka er det ikkje karrige nutar og trugande, snøkledde toppar som reiser seg. Frå tronge smug mellom gamle hus er det snille Tveiteberget som er synleg. Det stig som ein varm og vernande vegg like vest for tunet. I alle år har det vore agingane si sikring mot naturens krefter, og slik er det ikkje tilfeldig at Agatunet ligg nettopp her.

— Her var det trygt for folk og bygningar, fortel Eli Lund, som er omvisar på Agatunet og slektar herifrå.

Nesten hundre hus

Agatunet er eit klyngjetun, til liks med Havråtunet på Osterøy. Slike tun er det ikkje så mange att av i dag, men i gammal tid var det slik folk budde og levde på landsbygda. I små landsbyliknande samfunn med hus tett i tett og jorda fordelt i teigar som lappeteppe utover frå husklyngja.

På det meste var det nesten hundre hus i Agatunet. Våningshus, stabbur, eldhus, vetlahus, skykkjer, løer og naust. Sidan 1938 har 30 hus i den sentrale delen av tunet vore freda, nettopp for å ta vare på eit av dei siste minna om korleis folk i Noreg tidlegare organiserte liva sine.

På slutten av 1800-talet budde det 160 menneske i Agatunet, som har bygningar som har stått her like sidan mellomalderen. Lagmannsstova frå rundt 1250 er den viktigaste einskildbustaden i tunet. Huset vart bygd av riddaren, riksråden og gulatingsmannen Sigurd Brynjulvsson som representasjonshus med stove samanbygd med kapell.

Lokal Håkonshall

— Ein kan godt seie at Lagmannsstova er det næraste hardingane kjem Håkonshallen i Bergen, seier Guttorm Rogdaberg, tidlegare dagleg leiar ved Agatunet.

Stova er oppsett etter norrøn byggjetradisjon, i stein og tre, og stokkane som er brukte, har svære dimensjonar, opptil 80 cm breie. Materialen kjem, ifølgje segna, frå Varaldsøy.

Det kviler ei nesten inntrengjande ro over Agatunet, og det er lett å laga seg romantiske bilete av eit liv i bomullskledd sutaløyse, der ein vandrar mellom vakre bed og enkle trapper av stein.

Slik har det nok ikkje alltid vore. Kampen for eit utkome i bakkane mellom fjord og fjell har sikkert ikkje vore smertefri, men den sosiale tryggleiken som slekt og naboar representerte, må ha vore god å ha. Somme stader står husa så tett at ein kan ta i veggen til nabohuset om ein strekkjer seg ut vindauget.

Friarar var uvelkomne

— Bestemor mi vaks opp i Agatunet. Ho kunne hugsa korleis ungane lukta seg fram til betre middag, om dei ikkje var nøgde med det som vart servert heime, fortel Eli Lund.

Klyngjetunet er slik bygd at det nesten kan sjåast på som ei borg, til vern mot inntrengjarar. Og somme som kom på friarferd, «på tusko» som det heiter lokalt, over fjorden frå Lofthus, fekk sanneleg merka at dei ikkje var særskilt velkomne. Ein fann båten sin att oppå Tveiteberget

Verre gjekk det likevel med agingen som prøvde seg i liknande ærend på andre sida. Båten hans vart boren like opp på Hardangervidda.

Eigaren såg seg aldri bryet med å henta han ned att, og risikoen er vel stor for at han heller ikkje fekk med seg noko koneemne heim att over fjorden.

EKTE AGING: Eli Lund er omvisar på Agatunet, som har rundt rekna 10.000 gjester i løpet av sommarsesongen. Bestemor hennar vaks opp i tunet. Det trengst stor nøkkelhank for å koma seg inn i alle husa. Ein av dei er til Lagmannsstova bak Eli.
øivind christensen
FRED OG FRYD: Det kviler ei ro over Agatunet, og det er lett å få romantiske bilete på netthinna i slike omgjevnader. Vakre blomar og velstelte bed er mellom det som bidreg til den fredfylte stemninga.
øivind christensen
ENKELT, MEN PRAKTISK: Heilskapen i Agatunet er unik, men den som ruslar rundt i tunet, legg snart merke til dei små detaljane også. Ei trapp, ei helle, ein stein under eit stabbur.
øivind christensen