Kontrollutvalet inspiserte etterretnings— og tryggingsfunksjonane ved Haakonsvern i september i fjor. Utvalet slo då ned på at det ikkje låg føre autorisasjonsliste ved Kysteskadrens stab.

Denne lista er viktig for å halde kontroll med kva personar som til kvar tid har tilgang til dei tryggingsgraderte dokumenta etaten har. Oppdaterte autorisasjonslister skal liggje føre til kvar tid.

Mangla dokumenter

Gjennom stikkprøvekontroll vart det også avdekkja at det i fleire saker mangla utfylt personopplysningsblankett. Kysteskadren kunne heller ikkje gjere greie for kvar dei manglande dokumenta var å finne.

Kontrollutvalet (EOS-utvalet) påpeikar at slike dokument inneheld svært sensitive personopplysningar. Difor er det avgjerande at ein har full oversikt over kvar dokumenta til kvar tid er å finne.

Etter inspeksjonen bad utvalet om at manglane som var avdekkja, vart retta opp straks. Utvalet bad også om å få ei skriftleg orientering om ansvarsforholda som gjeld dokumenttryggleik og personelltryggleik ved basen.

Rapportert til Stortinget

Leiinga ved Haakonsvern har i ettertid gjeve ei utførleg orientering om organiseringa av tryggingstenesta ved basen. Etter det har kontrollutvalet for dei hemmelege tenestene vald å ikkje forfølgje saka vidare. Men forholdet er no rapportert til Stortinget gjennom årsmeldinga frå kontrollutvalet.

Kommandørkaptein Jan Ketil Steine som er pressetalsmann hjå Generalinspektøren for Sjøforsvaret, gjev denne forklaringa til Bergens Tidende: - Eg har no hatt kontakt med sjefen for Kysteskadren, flaggkommandør Haakon Tronstad, om saka. Vi må berre seie oss lei for at forholda ikkje var i orden då EOS-utvalet var på inspeksjon. Forklaringa er at det i august årvisst er stor utskifting av personell i Kysteskadren. Det inneber utarbeiding av nye autorisasjonslister. Då EOS-utvalet var på inspeksjon i september, var ikkje dokumenta i orden, men arbeidet med å oppdatere dei, var i gang. Dei vart komplette i oktober.