— Vi prøver i alle fall denne vinteren utan å tetta att veggen mot dalen. Så får vi sjå om det driv så mykje snø inn at vi må kle banen inne, seier banesjef Norvald Skjoldli i Jernbaneverket, region Vest, til Bergens Tidende.

Både informasjonssjef Inge Hjertaas og prosjektleiar Arne B. Lund er optimistiske med omsyn til å ta vare på utsynet frå togvindaugo.

— Sist vinter gjekk det veldig fint, seier Lund, men vedgår at det var ingen tung snøvinter.

18. januar 1999 gjekk det fjerde skredet på tre år ved Ristesund, denne gongen eit snøskred.

Det tradisjonelle snøoverbygget kunne ikkje stå imot naturkreftene. Lufttrykket fekk ein del av bygget til å rulla nedover skråninga, ein annan del vart knust til pinneved. Resten vart ståande att. Bergens Tidende sine bilete frå raset er blant grunnlagsmaterialet for den nye konstruksjonen.

Over to millionar kroner kosta oppryddinga for Jernbaneverket. I tillegg kom NSB sine kostnader med at toga stod stille. Det betyr lange omvegar med buss for passasjerane og eit drygt innhogg i togtrafikken sitt renommé.

— Så hyppig som rasa går her, er 30 millionar kroner er tent inn att på 12-15 år, poengterer Skjoldli.

Lausmassar i grunnen har vore ei stor utfordring. 21 lange stålpålar måtte til for å nå i forankring til fast fjell. Her er mange millionar kroner «nedgrave», fortel Lund.

Det som er att av det gamle overbygget skal brukast andre stader, men vert førebels ståande inni det nye; ein framifrå lagerplass i påvente av løyvingar frå Stortinget. Bak bakveggen og på taket av nybygget vert det fylt på massar slik at skreda glir over, og ikkje kan skada jernbanen.