Songarar og stevjarar heilt ned til treårsalderen imponerte både statsråd, regionvegsjef, tidlegare vegsjefar og andre som gjorde den offisielle tunnelopninga i Sogndal til ein god gammaldags vegopningsfest med feiande musikk, talar og kulturelle innslag.

To år og ein dag etter første treet fall, og to månader framom framdriftsplanen kunne samferdsleminister Liv Signe Navarsete opna tunnel i heimbygda. Gang – og sykkelveg også, reine strandpromenaden, meiner regionvegsjef Ole Chr. Torpp. «Spaserveg ette fjor'n» kommenterte statsråden på sognemål, og oppmoda sambygdingane om å «stao pao» for utvikling av Slakteritomta slik at sentrum får ein tiltalande innfallsport frå vest.

Rassikringa halvgjort Liv Signe Navarsete vedgår at ho var lett å be då spørsmålet om snorklipping vart lufta. Ikkje i sin villaste fantasi drøymde ho, som skulejente i Sogndalsdalen, at ho skulle koma heim att som statsråd.

Ordførarane Karen Marie Hjelmeseter i Sogndal og Olav Lunden i Leikanger gratulerte kvarandre med sikrare veg mellom dei to kommunane. Til regionsenteret Sogndal og fylket sitt administrasjonssenter på Leikanger er det pendling begge vegar. Rassikringa er no halvgjort. Om to år skal det også vera tunnel gjennom Fatlaberget, lengre vest på riksveg 55.

Til saman går det med ein kvart milliard kroner i denne pakken.

Toler litt bompengar – Vi må sjølve betala 40 millionar kroner i bompengar, men det toler vi, seier Hjelmeseter.

Ho sette dermed punktum for den nye diskusjonen om å sløyfa bompengeinnkrevjing på vegen. Slik ser i alle fall samferdsleministeren det.

– Eg har fått signal frå leiande lokalpolitikarar om at dei står ved avtalen. Noko anna hadde vorte svært problematisk, seier Navarsete til bt.no.

Krav om å sleppa bompengar kom etter rasproblema i Fatlaberget nyleg. Når det så opplagt er livsfarleg å ferdast på vegen slik han ligg i dag, må Staten ta heile rekninga med utbetringa, er resonnementet.

Men bomstasjonen kjem nok, den.

Og statsråden kunne garantera at trafikantane ikkje skal betala ekstrakostnadene med trafikkavviklinga (kriseferjer m.v.) forbi Fatlaberget dei siste vekene.

– Den rekninga tek Staten, lova ho.

Se Vegvesenets side om tunnelen (ekstern lenke)

PÅ HEIMEBANE: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete drog heim og skar snora då nyvegen med tunnel gjennom Stedjeberget vart opna fredag føremiddag. Navarsete står her saman med regionvegsjef Ole Chr. Torpp og ordførar i Leikanger, Olav Lunden.