• Styrmannen har anten duppa av eller vore uoppmerksam i minst ti minutt før ei grunnstøyting blei uunngåeleg, trur politiet.

Teknisk utstyr frå lasteskipet «Fritind» har no vore til undersøking, og ein rapport vil bli send over til Sjøfartsinspektøren.

Den polske kapteinen (46) har forklart at han sat på do då lasteskipet «Fritind» brasa opp i fjøresteinane på nordspissen av Fitjar om morgonen 25. januar i år.

— Resultatet av undersøkingane stemmer etter vårt syn ikkje overeins med forklaringa som er gitt. No vil me be Sjøfartsinspektøren vurdera saka, seier lensmann i Fitjar, Svein Lunde.

Karmøy-båten var lasta med 1400 tonn stål frå Mo i Rana, då han kom ut av kurs i Langenuen mellom Tysnes og Fitjar. Kapteinen skulle ha vore på brua saman med den latviske styrmannen som stod til rors.

Styrmannen har anten duppa av eller vore uoppmerksam i minst ti minutt før ei grunnstøyting blei uunngåeleg, trur politiet.

AV GRUNN: Etter at deler av lasta var fjerna flaut ”Fritind” for eiga hjelp i 12-tida i går. Soving på brua kan vera årsak til grunnstøytinga.
OVE A. OLDERKJÆR
LENA VERMEDAL
LENA VERMEDAL