EVA RØYRANE

— Eg er redd passasjerane heller vil gå til konkurrentane sine båtar dersom Fjord Line flaggar ut. Bergensarane vil ikkje akseptera at 500 norske sjøfolk misser arbeidet og blir erstatta med utalandsk mannskap, seier han.

Bjørnevik synest informasjonsdirektør Atle Kvamme i Fjord Line sin kommentar fredag om at dette var ein gledens dag, var svært upassande.

Det same meiner Helga Kollen i Color Line. Ho er tidlegare hovudtillitsvalt i Fjord Line.

— Snakk om å trø feil i salaten, seier ho og fortel at sjøfolk i alle reiarlag no ventar i spenning på kva planar Fjord Line faktisk har.

Ho er redd dei tilsette i Fjord Line har grunn til å frykta framtida.

— Flaggar selskapet ut, har leiinga selt mannskapet for å redda si eiga ræv. Det vil vera respektlaust. Særleg har TFDS opptredd utan omtanke for dei tilsette, meiner ho.

— Eg vil tru bergensarane vil kjølhala selskapet dersom dette endar opp med at det kjem utalandsk mannskap på båtane. Vi opplevde stor sympati frå folk i byen då Fjord Line sist truga med utflagging. At dei flaggar ut no når vi har fått ei regjering som lovar å vidareføra nettolønsordninga, vil vera heilt meiningslaust, seier Kollen.

Tidlegast fredag vil Fjord Line informera dei tilsette om kva planar dei har for framtida.

— Folk held på å gå på veggene, dei er frustrerte og svært redde for framtida. Alle trur at det blir utflagging no når utalandske eigarar har majoritet i selskapet. Det vil i tilfelle bety 500 arbeidsledige norske sjøfolk, seier Bjørnevik.

— Vi har gjort det vi kan for å få leiinga til å gå ut med informasjon, men dei nektar å gjera det før alle detaljar er på plass. Situasjonen er fortvilande, seier hovudtillitsmannen.