Klokka er 7:30. Toget glir inn på stasjonen i Bergen, og pendlarane frå Arna fyller perrongen. Herifrå legg Hein Rune Skjoldal ut på sin daglege spaser— og trimtur til jobben på Nordnespynten.

  • Eg tek turen som mosjon.

Gåturen ut til Havforskingsinstituttet tek 40 minutt kvar veg, og han har gått denne ruta tur-retur i snart 30 år. Ikkje ein einaste gong har han tatt taxi.

Knapt nok buss.

— Det tar like lang tid å gå som å stå og vente på bussen, seier Skjoldal.

Forskaren har heller aldri vore på eit treningsstudio.

  • Folk får gjere det dei føler er rett, men eg føler at eg held meg nokolunde i form ved å gå til jobb. Dessutan går eg litt i fjellet. Det er alltid godt å kome seg ut, seier Skjoldal.

Ein time seinare står Reidun Sirum (68) på tredemølla. Frå treningsapparatet, der ho legg bak seg eit par mil kvar gong, har ho flott utsikt over Byfjorden. Tvers over sundet ligg Havforskingsinstituttet.

Sirum trenar tre gonger i veka, og har gjort det i mange år.

— Eg går helst om morgonen. Då får eg ekstra energi til å starte dagen. Eg trenar for å halde meg i form og sleppe å bli sjuk, og så er det sosialt å gå her.

  • Du kunne like godt gått deg ein tur?
  • Det kan eg gjere seinare i dag! Men det er så mykje dårleg ver i Bergen, og det er ikkje alltid det freistar å gå ut.

Tredemølle, styrketrening, spinning.

Sirum er innom alle apparat i løpet av ei veke. For henne er helsestudio ein optimal måte å halde seg i form på.

  • Ikkje alle har høve til å gå i naturen, og då er treningssenter eit enkelt og veldig godt alternativ.