— Eg blir meir og meir overtydd om at aluminium er tingen, og har god tru på at det no er mogeleg å utrydde gyroen heilt, seier leiar Knut Eltun i Lærdal elveeigarlag. - Samtidig er eg innstilt på at det kan slå feil, men i så fall har vi uansett ikkje tatt livet av ein einaste laks.

Aluminiumsdrypp

Noko som ikkje var tilfellet i 1997, da Lærdalselvi vart behandla med rotenon to gonger. Giftstoffet tek livet av absolutt alt liv som «pustar» med gjeller i vatnet. Likevel vart den frykta parasitten på nytt påvist i den berømte lakseelva eit par år seinare. I dag er laksebestanden svært redusert, og den gjenlevande bestanden sterkt infisert av parasitten.

Det er dei 26 nedste kilometerane av Lærdalselvi som no skal behandlast. 26 kilometer oppe i elva står nemleg ei laksetrapp som har vore stengt sidan gyroen vart oppdaga i 1996, og styringsgruppa bak gyro-kampen meiner såleis at området ovanfor er fritt for parasitten. Styringsgruppa består av representantar frå Mattilsynet, Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ei rekke containerar med system for å dosere ei aluminiumsoppløysing ut i vassdraget er plassert på den aktuelle strekninga. Samtidig er det stasjonar som skal overvake og justere nivået. Også sideelvar og bekkar må behandlast, nokre av dei også med rotenon.

Meir enn kroner og øre

Doseringa skal vere slik at vatnet både blir slik at fisken overlever og framleis er godt innanfor kvalitetsnormene for drikkevatn, medan lakseparasitten ikkje skal kunne klare seg.

Fullskalabehandlinga av Lærdalselvi skal skje over tre omgangar i år, og kjem etter at DN har gjennomført vellukka forsøk med aluminium i mindre vassdrag i Møre og Romsdal.

Dersom behandlinga blir så vellukka som elveeigarlaget håpar og trur, kan Lærdalselvi friskmeldast og normalt fiske starte igjen i løpet av fire-fem år.

— Da vi mista laksefisket i 1996, berekna vi det direkte økonomiske tapet for Lærdalssamfunnet til mellom 12 og 15 millionar kroner i året, seier Knut Eltun.

Han fortel om svært stor pågang etter å få fiske i den legendariske lakseelva, ikkje minst frå entusiastar i bergensområdet.

— Men dette står om noko langt meir enn kroner og øre. Dette har med identiteten vår å gjere. Lærdal og laksen har alltid vore uløyseleg knytt til kvarandre. Slik vil vi ha det også i framtida, seier leiaren for elveeigarlaget.

Helge Hansen (arkiv)