Å tru på ein skisesong etter påske er jamgodt med å tru på eit liv etter døden, har det vore hevda.

Men leiinga ved dei to alpinsentra i Voss kommune, nektar å bøya seg for gamle sanningar. I år er alt annleis, hevdar dei.

Påsken er rekord tidleg

Snømengdene er rekordstore

Sesongen kom seint i gang

Fleire helgar i vinter vart øydelagt av dårleg vêr.

Mykje å ta att

Kort sagt: Folk har ikkje fått dei skiøktene dei hadde tenkt seg mellom jul og påske, eit interval som var uvanleg kort i år. Dei har mykje å ta att. Det meste av april høyrer med i skisesongen.

Med ein heiskapasitet på 12.000 personar i timen heldt det desidert største alpinsenteret Voss Resort unna for tilstrøyminga i påsken. På dei travlaste dagane vart dei store parkeringsplassane i Bavallen for små, men Voss Resort hadde parkeringsareal ved jordbruksskulen og bussar klare. Til glede for paraglidarar, som kunne ta buss og heis til Hangurstoppen, og fly heilt ned att til E16.

Shorts og bikini neste?

John Ivar Norheim i Voss Fjellandsby avviser at shorts— og bikiniturar på Vikafjellet no er det neste for snøfrelste.

– Dessutan er du praktisk talt på Vikafjellet når du tek heisane opp her. Toppen av Kari Traa-trekket ligg 1080 meter over havet, rundt hundre høgdemeter over høgste punktet på Vikafjellsvegen, påpeikar han.

ARNE HOFSETH