Onsdag starta rettsforhandlingane med at politioverbetjentane Lars Magne Gjertsen og Tom Luka frå Kripos forklarte seg om den tekniske delen av etterforskinga i Anne Slåtten-saka.

Kripos-betjenten la fram ei rekke moment som gjer at politiet meiner Anne Slåtten vart drepen på plassen der ho vart funnen:

1. Hårlokk

Anne Slåtten vart funnen med venstre hånd oppe i sitt eige hår, med fingrane laust knytta rundt sine eigne hårlokkar.

— Akkurat dette meiner vi indikerer at ho er blitt drept her. Det ville vere veldig vanskeleg å få plassert håret slik etter først å ha flytta henne, sa Tom Luka frå Kripos.

2. Funn under kroppen

Den neste indikasjonen på at drapet skjedde på staden, er funn under Anne Slåttens kropp.

— Vi fann veska under henne, og også ei grein under henne. Denne greina ser ut til å vere gnidd nærast i stykker under henne. Også dette momentet gjer at vi trur det har vore motstand og kamp på staden, sa Kripos-betjenten.

— Vidare var veskereima framleis rundt handa hennar, og veska under henne. Dette er også vanskeleg å rekonstruere.

3. Matpakke

Neste moment er matpakken som låg i veska.

— Nista er smurt idet ho går heimefra, og eg tvilar på om noko har tilstøtt henne før ho gjekk derfra. Da må gjerningsmannen i så fall ha smurt matpakken for henne og lagt den i veska, sa Luka.

4. Øredobb

Deretter peikte Luka på øredobben som dei fann ved sida av henne, som tyder på at motstand og vald har skjedd på staden.

— Og så fant vi sammentrykt vegetasjon under skoen hennar, noko som også tyder på motstand på funnstaden, sa Kipos-betjenten.

5. Bloddråpe

Kripos fann også ein bloddråpe som viste seg å stamme frå den drepne på ein kvist like ved. Blodet var ikkje koagulert då det hamna på kvisten.

Etter denne gjennomgangen ville medforsvarar Buanes vite om det var omfattande spor etter kamp på staden.

— Nei, ikkje spesielt. Men mi magekjensle seier at Anne Slåtten har hamna ganske fort på ryggen, at ho døyr gansk fort og at det heile er over på nokre få minuttar, sa Kripos-etterforskar Tom Luka i retten.

Den tiltalte 42-åringen følgjer med på gjennomgangen av dei sterke åstadbildene frå sin plass på tiltalebenken med roleg, konsentrert blikk.

Dei pårørande valde å forlate rettsalen under denne sekvensen, og følgde forhandlingane frå eit siderom der dei slepp å sjå Kripos sin fotodokumentasjon.

Bt.no kjem med meir frå forklaringane til dei kriminaltekniske etterforskarane.

<b>DREPT:</b> Sykepleierstudent Anne Slåtten ble funnet drept mandag 7. juni i fjor.
Privat