— Det skal ikkje vere lønnsamt å få oppretta friskule i sin kommune. Dei får mindre i overføringar med færre elevar. Dessutan vil lokalpolitikarane ofte vere opptekne av å sikre elevgrunnlaget for dei attverande offentlege skulane, seier ho.

Ordførar Hans Vindenes i Fusa oppfattar ikkje friskulen som ein konkurrent til dei offentlege skulane. Og sjølv med mindre overføringar, sparar kommunen rundt 800.000 i året på ordninga.

— Det kan hende at det er ein liten innsparing. Men eg trur ikkje det er utslagsgjevande for kommunane, svarer Rugtvedt (SV).

Ho vil ikkje stadfeste at det var Senterpartiet som kjempa for unntaksregelen om grendeskular, men medgjev at det er distriktspolitiske omsyn bakom regelen.

— Slik er det no. Me veit at grendeskulane er viktige for mange lokalsamfunn. Omsynet til skulestrukturen talde når me skulle lage ein mellombels lov. Om det er eit kriterium som også skal inn i den permanente lova, er det for tidleg å seie noko om, seier Rugtvedt.

I september skal departementet leggje utkastet til ny friskulelov ut på høyring. Då lovar Rugtvedt ei oppmjuking i høve til dagens situasjon.

— Dei to kriteria me varsla i Soria Moria vil bli gjeldande: Alternativ pedagogikk eller livssyn. Så må me tenkje nøye over om det også skal inngå andre kriterium, til dømes distriktspolitikk.

Den førre regjeringa gjorde det til ein rett å få starte privatskule. Den nye lova vil ikkje gjere det.

— Det viktigaste for oss har vore å få kontroll over den eksplosive auka av privatskular og å gje lokalpolitikarane meir innverknad over skulestrukturen i sitt distrikt.