• Eg trur vil skal få endane til møtast i finansieringa av Hardangerbrua.

— Jondalstunnelen er enno litt usikker, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen. Fylkesrådmannen arbeider med sikte på at fylkestinget skal handsama finansieringsplanane for dei to store samferdsleprosjekta i Hardanger på fylkestingets møte på Lofthus 8. og 9. juni.

Administrasjonen i fylket arbeider no for å få fram finansieringsplanen for Jondalstunnelen til møtet i samferdsleutvalet 19. mai. 1. juni skal så utvalet sjå på finansieringsplanen for Hardangerbrua.

— For Jondalstunnelen vert det litt vanskeleg, for reguleringsplanen på Kvinnherad-sida skal ikkje slutthandsamast før 27. mai. Der er det eit sprik på rundt 50 millionar kroner i kostnad for dei to alternativa det er snakk om, seier Paul M. Nilsen.

Dei som skal reisa over Hardangerbrua, om ho vert bygt, må rekna med å betala ein god del meir enn på ferja for å dekka inn nesten ein milliard kroner i bompengar. Dagens takst for ein personbil er 47 kroner. På brua stig dette med 40 prosent, til 66 kroner. Passasjerane må og rekna med å betala, slik som på Osterøybrua, dersom det vert manuell innkrevjing, og også for dei stig taksten med 40 prosent, opplyser Per Steffen Myhren i Statens vegvesen til BT.

Basert på dagens pris på Bruravik-Brimnes vil prisen for ein bil med to vaksne og to born stiga frå 86 kroner til 121 kroner når brua avløyser ferja.