Eigarane av tankanlegget i Sløvåg trur no dei har funne årsaka til at to store tankar eksploderte og tok fyr 24. mai i år.

Hovudteorien til Vest Tank har til no vore at gassen vart tend av ein gneist inne i den eine tanken.

Men no har dei funne ein ny teori, som dagleg leiar Jostein Berland meiner er «svært realistisk».

— Vi har fått vitneutsegn frå naboar og mannskap på båten som såg kva som skjedde. Dei seier dei såg ein eksplosjon oppe i lufta først, og så at det gjekk ein flamme ned i tanken som eksploderte, seier han.

- Svært fornuftig teori

Dette har dei for så vidt visst ei stund, seier Berland. Det nye er opplysningar Berland fekk i går ettermiddag frå ein radioamatør frå Geilo-traktene.

— Han fortalde at det 24. mai 2007 var ekstremt høg statisk elektrisitet i lufta. Det var så sterkt at han måtte ta ned antenna si. Vi trur difor at gassen som kom ut av tanken då vi reingjorde han vart tent. For statisk elektrisitet kan antenne lett lettenneleg gass, seier Berland.

Berland vil over helga prøve å få stadfest at det var målt høg statisk elektrisitet denne dagen.

— Dette er ein svært plausibel og fornuftig teori. Vi ser ikkje bort frå andre ting, men trur vi no byrjar å nærme oss ein årsak, seier han.

Står stille

Over helga vil Vest Tank óg sende dei nye opplysningane over til politiet, SFT og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Berland ønskjer ikkje å spekulere i kva den nye teorien kan bety for Vest Tank, viss den viser seg å stemme.

Etter ulykka har DSB trekt tilbake alle løyve Vest Tank hadde til å oppbevare og behandle farleg avfall. Dei ønskjer svar på kva som skjedde då tankane gjekk i lufta, før Vest Tank eventuelt får løyva tilbake.

Den førebelse rapporten etter ulykka viser at Vest Tank brukte ein kjemisk metode dei aldri hadde brukt før, då tankane gjekk i lufta. Berland trur likevel ikkje det har noko med eksplosjonen å gjere.