Terje Ulvedal

I løpet av dei næraste dagane vil politiet få svar på prøvene dei har sendt til Oslo for nærare undersøking.

Det blei funne store mengder biologisk materiale både på kroppen til den drepne og på åstaden i Angedalsvegen. Bergens Tidende veit at politiet har stor tru på at dette kan felle gjerningsmannen.

Henta spytt på Flesland

Offisielt vil politiet ikkje kommentere funn av DNA. Lensmann Kjell Fonn vil ikkje ein gong stadfeste om dei har funne hår eller fiber på åstaden.

Men etterforskarane er allereie i full gang med å samle DNA frå personar dei veit har vore nær den drepne.

I går kveld måtte ein patrulje frå Hordaland politidistrikt køyre til Bergen lufthavn for å sikre seg spytt frå ein politimann som har vore med i etterforskinga. Han var ein av dei som hadde undersøkt åstaden, og var i går på veg til utlandet på ferie.

Etterforskarane trengde spytt frå politimannen fordi det skal samanliknast med DNA frå åstaden når han er på ferie i utlandet.

Politiet har fleire gonger bedt om at personar som har kasta frå seg søppel i Angedalsvegen melder seg. Årsak er den same: Dei vil vite kven som av naturlege årsaker har etterlate seg biologisk materiale på åstaden.

Etter det Bergens Tidende erfarer vil politiet i løpet av dei neste dagane be ei rekkje personar i Førde om gje DNA.

Skal avhøyre fleire hundre

Drapsetterforskarane planlegg å avhøyre alle som gjekk på eller slutta på jobb ved sjukehuset, helsetunet og hotella i Førde. Totalt er det snakk om fleire hundre personar.

Førde sentralsjukehus er største enkeltarbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Kring den tida Anne Slåtten blei tatt livet av, er det vaktskifte ved sjukehuset. Same er tilfellet ved Førde helsetun, Sunnfjord hotell og Førde hotell. Også dette er relativt store arbeidsplassar.

— Eg har ikkje tal på kor mange personar vi snakkar om. Men det er mange, truleg fleire hundre, seier lensmann Kjell Fonn.

Politiet har i tillegg kontakta alle hotell, pensjonat og campingplassar i Førde-området for å kartlekartlegg dessutan alle som budde på hotell, pensjonat og campingplassar i Førde sist helg.

240 tips

Dei siste dagane har det strøymt inn med tips til politiet. Totalt har det komme inn 240 tips.

— Tips held fram med å komme inn. Vi set veldig stor pris på at folk melder seg, seier Fonn, som framleis oppmodar folk om å melde frå om hendingar rundt drapssstaden:

— Folk må ikkje sitje heime og vurdere om ting dei har sett og høyrt kan vere interessant. Gå til politiet, fortel om det og la oss vurdere om informasjonen er viktig eller ikkje.

Fonn seier dei framleis er i ein kartleggingsfase, og at dei har gått veldig breitt ut i etterforskinga. Politiet ønskjer å danne seg oversyn over alle bevegelsar i sentrumsområdet i tida rundt drapstidspunktet som truleg er rundt 0720 sist søndag.

Så langt er 126 vitne avhøyrde. Lensmannen vil ikkje kommentere om ein eller fleire vitne har vore inne til avhøyr meir enn ein gong.

SKAL AVHØYRE FLEIRE HUNDRE: Politiet planlegg å avhøyre alle som skulle på jobb eller var ferdige på arbeid ved sjukehuset, helsetunet og hotella i Førde søndag morgon for ei veke sidan. - Vi snakkar om fleire hundre personar, seier lensmann Kjell Fonn.<p/>KNUT EGIL WANG (foto)