Det var ei gruppe elgjegerar i Sjåk som skremde opp bjørnen for tre veker sidan. Dyret la straks i veg vestover mot grensa til Sogn og Fjordane.

— Fjelloppsynsmannen i området kunne litt etter følgje spora over grensa, fortel rådgjevar Hermund Mjelstad hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kryssa grensa

Dermed har Mjelstad god tru på at bamsen har lagt seg til for vinteren på vestsida av langfjella. Dette grunngjev han med to nye sporfunn i Jostedalen, og det faktum at ingen har meldt om nye bjørneobservasjonar i det aktuelle området dei siste par vekene.

— Vi veit at bjørnen kryssa grensa den 23. oktober. Eit par dagar seinare fann ein spor i Jostedalen ved vegen mot Nigardsbreen, seier Mjelstad.

— Dette er eit stykke nede i dalen. Den 30. oktober vart det endå ein gong funne spor i snø, der dyret blant anna hadde kryssa elva.

Sidan har ingen sett teikn til bjørnen.

— I teorien kan den sjølvsagt ha gått langt av stad etter dette, men i så fall er det underleg at det ikkje er kome inn nye observasjonar.

Vaknar til våren

Mjelstad fortel at det er funne restar av bjørnehi fleire stader inst i Jostedalen, men at det er uvisst om bjørnen verkeleg har overvintra her i nyare tid.

— Hia kan ha vore brukte, men det er høgst uvisst. Men i år tyder altså mykje på at bjørnen har lagt seg til Jostedalen, seier han.

— Korleis skal folk i nærområda halde seg til dette?

  • Vi følgjer sjølvsagt opp dersom det kjem nye meldingar om spor eller andre observasjonar. Dersom bjørnen har gått i hi i Jostedalen, håpar eg folk skjønar at han må få vere i fred. Då skjer det ingenting før eventuelt i mars-april neste år, seier Mjelstad.

— Så får vi ta det derfrå. Dei gongene slike streifdyr kjem over til oss har dei gjerne gått gjennom dalen og over til Sunnfjord. Vi får håpe denne trekkjer austover igjen, der det er litt tryggare og han kan treffe artsfrender.

Mjelstad er nesten heilt sikker på at det dreier seg om ein hannbjørn.

— Det er nesten alltid hannane som bevegar seg så langt frå kjerneområda i aust.

Sauen tok over

På 1800-talet var Sogn og Fjordane eitt av dei store bjørneområda i Skandinavia. I dag er det husdyrhaldet som rår grunnen i fylket, der det omtrent utan unntak blir gjeve fellingsløyve på bjørn og andre freda rovdyr som kan dokumenterast at har drepe sau. Det same regimet gjeld i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder, der Stortinget har bestemt at det ikkje skal eksistere faste bestandar av bjørn, jerv, gaupe eller ulv.

Då det i 2008 vart gjeve fellingsløyve på ein bjørn i fylket, vart streifdyret nokre dagar seinare skote i fjellområdet mellom Fjærland og Jølster. Før dette var siste bjørnen i fylket felt i Leirdalen i Luster i 1956.

Det er i dag rundt 180.000 sau og lam på beite i Sogn og Fjordane, og 10.000 av desse forsvinn i utmarka. Styresmaktene reknar med at opptil ein tidel av desse er tatt av rovdyr, resten døyr som følgje av sjukdom, ulukker eller angrep frå andre dyr enn freda rovvilt.

Treng vi å frykte bjørnen? Sei di meining i feltet under!