— Studentsvindel er eit stort problem for oss, stadfestar Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.

Men den statlege institusjonen gjer ingenting for å kartleggje omfanget.

— Vi har ikkje tal på kor stort misbruket av Lånekassen sine midlar er.

Den siste store undersøkinga Lånekassen gjennomførde i 2000 synte at studentar årleg svindlar den statlege institusjonen for om lag 40 millionar kroner. Årleg vert det utbetalt over tre milliardar kroner i stipend. 40 millionar av desse, om lag 1,3 prosent, skulle aldri ha vore utbetalt.

Ferske tal frå NAV syner at studentar i løp av fjoråret også svindla til seg over ein million kroner ved å melde seg arbeidsledige og ta mot trygdepengar frå NAV, i tillegg til lån og stipend.

Kjenner til juks

— Korleis gjer ein det då? spør David Myr. Han diskuterer temaet med tre medstudentar på Høyden.

— Eg veit om folk som bur heime, men som gir opp feil adresse for å få bortebuarstipend, fortel Ingvild Skorve. Dei andre veit om liknande tilfelle, men ingen kjenner til at nokon har blitt tatt for jukset.

— Det verkar som det er lett å jukse, og det er ein uting, seier Myr.

Informasjonssjef Merli stadfestar at Lånekassen ikkje har moglegheit til å sjekke alle studentane sine opplysningar, det tek for lang tid.

— Vi må basere oss på stikkprøvar. I tillegg får vi inn ein del tips, ofte frå studentar som irriterer seg over at andre fuskar til seg støtte, seier Merli.

- Lettjente pengar

— Tar ein valet om å svindle Lånekassen går det utover andre studentar. Det er svært egoistisk, meiner Kjetil Vevle, nestleiar og velferdsansvarleg i Norsk Studentunion i Bergen.

Han trur grunnen til at så mange studentar vel å lure Lånekassen er at det framstår som lettjente pengar med låg risiko for å bli oppdaga. Vevle meiner Lånekassen burde sette i gang tiltak for å få bukt med problemet.

— Lånekassen må bli flinkare til å synleggjere risikoen ved å bli oppdaga, seier Vevle.

Han håper at dei uærlege studentane vil innsjå alvoret i det dei gjer. Han fryktar svindelen vil skape eit negativt inntrykk av studentar generelt.

— Det er viktig å få fram at det berre er eit fåtal av studentane det gjeld, seier Vevle.

Få blir oppdaga

Svindlarane blir møtt med ulike reaksjonar, alt etter kor alvorleg svindelen er. I mindre alvorlege tilfelle ber Lånekassen om tilbakeføring av stipend og rentebelastning. Ein risikerer også å bli nekta støtte frå Lånekassen i to år. I svært alvorlege tilfelle mister ein alle rettar i Lånekassen og blir meldt til politiet.

I 2006 blei 15 studentar politimeldt etter å ha svindla Lånekassen. Det er ein auke i forhold til tidlegare år. Men Lånekassen oppdagar berre eit fåtal av lovbrytarane.

LOVLYDIGE JUSSTUDENTAR: ¿ Å svindle Lånekassen er feigt mot alle andre som ikkje juksar. Vi må jobbe for å få ekstra pengar, seier Ingvild Skorve, KristineHelland, Janne Riveland og David Myr.
Odd Mehus