DAG IDAR TRYGGESTAD

EYSTEIN RØSSUM

PER MARIFJÆREN

TOR HØVIK (foto)

Den drapssikta somaliaren (35) er den siste som politiet vil stadfeste var saman med Hedda Karterudseter. No meiner dei at han kvelte 19-åringen på hybelen hennar. Ei intens jakt i inn— og utland er sett i verk for å pågripe mannen.

Alibiet sprakk

Bakgrunnen for at saka tok ei ny vending i går var at politiet meiner dei har plukket frå kvarandre alibiet 35-åringen hadde fått av ein kollega.

Denne mannen har fortalt at han møtte den sikta i ei matkø i sentrum drapsnatt. Politiet tviler på om dette er rett. Dei har nemleg avhøyrt fleire som var i same kø. Ingen av dei har sett den sikta.

— Ein kan ikkje vere to stader samstundes. Dermed såg vi på saka med eit anna syn, uttalte utrykningsleder Asbjørn Hansen i Kripos, før politiadvokat Knut Broberg braut inn:

— Vi vil ikkje seie noko om grunnen til at den etterlyste mannen no er sikta for drap.

Politiet kan ha sikra seg tekniske spor frå Heddas hybel som knyter 35-åringen til drapet:

  • Politiet har funne fingeravtrykk på staden.
  • Det er funne fleire biologiske spor inne på hybelen, og truleg også på drapsofferet.
  • Fordi mannen kom som asylsøkjar, har Kripos fingeravtrykka hans registrert elektronisk. Desse kan difor raskt samanliknast med avtrykk frå hybelen.

DNA på flaske

Politiet har sikra seg ei pilsflaske som mannen drakk av då han tok nattbussen til Oslo kvelden Hedda vart funnen. På denne flaska vil politiet truleg finne mannens DNA.

I går sikra også politiets seg rettsleg løyve til å ransake mannens husvære.

Broberg vil overfor BT ikkje svare på om dei har DNA-bevis som knyter 35-åringen til drapshandlinga. Heller ikkje om dei har funna hans fingeravtrykk.

Årsaka til at politiet jobbar ut frå at drapet er seksuelt motivert, er fleire:

n Hedda vart funnen delvis liggjande på golvet. Ho var avkledd nedantil, hadde blodige skrammer i ansiktet og fleire blåmerke som tyder på kamp.

n Det er fleire merke som viser at ho er kvelt med hendene, ei kjent dødsårsak frå tidlegare seksualdrap.

n Kvelden før Hedda vart drepen var ho midtpunktet i eit sjalusidrama der den sikta 35-åringen var involvert.

n Politiet utelukkar heller ikkje at drapet kan ha skjedd for å skjule eit seksuelt brotsverk.

Offisielt nektar politiet å kommentere kva teoriar dei jobbar ut frå. Derimot utelukkar dei ikkje at siktinga mot 35-åringen kan bli endra.

Mannen vart raskt knytt til drapet både fordi han er den siste som er sett saman med Hedda, men også fordi han forsvann frå Sogndal same kvelden som ho vart funnen. Med seg hadde han eit større kontantbeløp. Sidan har korkje kona eller vener høyrt frå han.

Bor i nærleiken

Den drapssikta somaliaren bur saman med kona i byggjefeltet i lia ovanfor folkehøgskulen. Det tek ikkje meir enn 10-12 minutt å gå strekninga. Det er bustader langs heile ruta. Politiet håpar difor nokon kan ha gjort verdifulle observasjonar.

— Alle vitne er interessante for oss, men spesielt dei som har sett noko i byggefeltet eller på strekninga meieriet og til folkehøgskulen, seier politiadvokat Broberg.

Politiet oppfordrar publikum om å melde frå om det dei måtte vite.

— Sjølv om ein person no er sikta, betyr ikkje det at saka er løyst. Ingen er tiltalt og ingen er dømt. Det er viktig å hugse på, understrekar Broberg.

Sentralt for politiet er det å få vite kva den sikta 35-åringen foretok seg kvelden før han sette seg på nattbussen og sporlaust forsvann.

— Dersom nokon har snakka med han torsdagen, og vi ikkje har vore i kontakt med dei, vil vi sjølvsagt at dei kjem til oss, seier Broberg.

Han ber 35-åringen om sjølv å melde seg.

— Alternativt må vi etterlyse han med namn og bilde. Det har så langt ikkje vore aktuelt, seier politiadvokaten.

<b>GJENNOMBROT</b>: Utrykningssjef i Kripos, Asbjørn Hansen, og politiadvokat Knut Broberg held korta tett til brystet i drapsetterforskinga. Politiet verkar trygge på at dei har sikta rett mann for drapet på Hedda Karterudseter. Til høgre lensmann Olav Borlaug.
<b>BUSTADEN:</b> Her budde den drapssikta 35-åringen saman med kona. Det er venta at politiet sine teknikarar vil starte undersøkingar i dag for å finne spor som kan knytte han til drapet.