Enkle arbeidsoppgåver, ser det ut som. Men dei to karane har gått ein lang veg med mykje hjelp før dei vart kvalifiserte til dette arbeidet.

Trygve og Truls er psykisk utviklingshemma. Båe to har gått på Askøy vidaregåande skule. Trygve i fire år. Truls i fem. Der har dei lært ein del grunnleggjande ting som er heilt naudsynte for å klara seg på eiga hand i vårt innfløkte samfunn.

No arbeider Trygve og Truls hjå Askøy Produkter AS i Hanevik. Der lagar dei krakkar, pallar og monterer ulike produkt.

I Bakarvågen har Askøy Produkter vaskeri og bakeri, og på Strømsnes eit vaskeri.

Til saman 64 særskilt tilrettelagde arbeidsplassar for «yrkeshemma med redusert arbeidsevne», som det heiter.

— Eg har kjøkken

— Sjå her, seier Truls, og viser fram mobiltelefonen som heng i beltet.

— Og her.

Han dreg fram vesle plastmappa med busskort og personleg kort.

— Eg bur åleine på Florvåg og har kjøkken. Så tek eg bussen på arbeid.

Trygve og Truls har vore heldige og fått gå i skulen til dei hadde lært det dei hadde bruk for. Mange framtidige elevar er kanskje ikkje så heldige. Fylkeskommunen, som har ansvaret for opplæringa deira, må spara pengar. 5.5 millionar kroner, seier fleirtalet i fylkesutvalet. Det er snakk mo kompetanseoppbygging og individuelle opplæringsplanar. Vanskelege ord som Trygve og Truls ikkje skjønar så mykje av.

Porten er trongare

Fylkestinget handsamar saka i neste veke. Men porten frå 3. til 4. skuleåret har alt vorte trongare, og endå trongare frå 4. til 5. skuleår.

  • For skuleåret 2004-2005 søkte 34 elevar om eit 4. skuleår. Alle fekk plass.
  • For skuleåret 2005-2006 har 35 elevar søkt om 4. skuleår. 25 har fått plass.
  • For skuleåret 2004-2005 søkte 34 elevar om 5. skuleår. 18 fekk plass.
  • For skuleåret 2005-2006 har 18 søkt om 5. skuleår. Fem elevar har fått plass.
  • På Askøy vidaregåande hadde vi tre elevar som vi søkte eit 4. skuleår for. Til vanleg har det gått av seg sjølv. No måtte elevane gjennom grundige psykologiske testar før dei fekk plass, seier Petter Tønjum, lærar ved Askøy vidaregåande skule, til Bergens Tidende.

Famlar lenge

— Kvifor treng desse elevane så lang tid for å verta ferdige med vidaregåande skule?

— 1. skuleåret går med til å kartleggja dei. Finna ut kva dei kan og kva slags mål dei kan setja seg. Så må vi til og læra dei det mest grunnleggjande, som norsk og matematikk. Dersom desse elevane må slutta i skulen etter 3. skuleåret, må vi bruka mykje kortare tid på dette. Eit halvt år, til dømes, vil vera i minste laget, seier Petter Tønjum.

— Elevane har svært ulike utgangspunkt. Mange famlar lenge for å finna seg til rette i tilværet. Difor må vi vakta oss vel for å gå for fort fram.

- Det er dette dei får

— Det er denne utdanninga dei får. Ingen av desse elvane kan gå vidare til noko slags høgskule. Difor må dei setjast i stand til å klara seg i livet, seier Oscar Eide, leiar i Norsk forbund for psykisk utviklingshemma, avd. Hordaland, til BT.

Trygve Bårdsen bur heime hjå foreldra i Kollevågen. Når han skal på arbeid, tek han bussen til Kleppestø. Der må han byta buss for å koma til arbeidsstaden i Hanevik.

— Det er dette dei må læra. Lesa bussruter, lesa kva som står på bussen, forstå klokka, bruka minibankkort, bruka pengar, bruka Internett. Eg trur ikkje fylkespolitikarane fullt ut forstår kor viktig det er å få elevane så langt fram, og kor omstendeleg dette arbeidet er, seier Oscar Eide.

ARBEIDSKAR: Truls Håland Eide har glimt i auga, mobil i beltet og minibankkort i lomma. Og hjå Askøy Produkter går arbeidet unna. Truls har gjennomført både 4. og 5. skuleår ved Askøy vidaregåande skule.<br/>Foto: GIDSKE STARK