Komite for oppvekst og kultur har gått imot dette, men KrF, som ikkje var til stades på møtet på tysdag, vil i komite for teknikk og miljø sikra fleirtal for eit ja til friskulen saman med Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

Det er komitemedlem for KrF, Roald Viksund, som opplyser dette til Kystradioen.

Oppvekstkomiteen meiner at det bør byggjast ein offentleg barnehage på tomta på Erdal, men Viksund syner til at barnehage er ein del av prosjektet til Askøy Friskole.

Viksund meiner at Arbeidarpartiet og SV sitt nei til søknaden frå friskulen er motivert ut frå deira prinispielle syn på friskule. I denne saka vil dermed KrF ikkje støtta koalisjonspartnarane Arbeidarpartiet og SV.