Ein norsk elev fortel anonymt til avisa Firda om det han oppfattar som drapstrugsmål, og dette har han politimeldt ein 17-årig ungdom for.

— Eg torer ikkje å gå ut åleine om kvelden, seier eleven.

Den 17 år gamle ungdommen skal ha oppsøkt Øyrane vidaregåande skule, der han har kameratar som er elevar, og sett fram alvorlege trugsmål.

«Ikkje i dag, kanskje. Ikkje i morgon, kanskje. Men vi tek deg, uansett,» var meldinga han fekk.

Konflikten har opphav i ein fest tidlegare i vinter då det oppstod verbal konflikt mellom gruppene.

Dei opptrer som ein gjeng, kjeftar oss opp i fjeset og finn på ting vi skal ha sagt om dei, seier eleven til avisa. Han fortel at også andre elevar ved skulen skal ha blitt truga av dei same ungdommane, blant anna ei jente som skal ha blitt truga med valdtekt via sms.