Det er i den kanadiske filmen «Metal — a headbangers journey», som vart vist i Lydverket på NRK onsdag kveld, at den 30 år gamle black metal-vokalisten kjem med utsegnene.

- Meiner alvor

Norsk metal er sentral i den todelte dokumentaren, der legender som blant andre Black Sabbath, Iron Maiden og Slayer deltek.

I filmen får Gorgoroth-vokalisten spørsmål om kyrkjebrannane i Norge på 90-talet.

— Eg støttar sjølvsagt kyrkjebrenning hundre prosent. Det burde vore mykje meir kyrkjebrenning, og det vil det også bli i framtida, er svaret frå «Gaahl» i den kanadiske dokumentaren.

Overfor BT understrekar 30-åringen no i ettertid at dette er alvor, og at det ikkje berre er noko han seier for å sjokkere.

— Sjølvsagt er det alvorleg meint. Men ut over det vil eg ikkje snakke med BT, seier «Gaahl» på telefon.

I dokumentaren får han elles spørsmål om kva som er det viktigaste i Gorgoroths musikk.

— Satan, svarer «Gaahl».

Reagerer på nominasjon

Alvorleg meint eller ikkje; biskop Ole D. Hagesæther i Bjørgvin har like lite til overs for ordbruken.

— Er dette med kyrkjebrannar sagt på alvor, så er det skikkeleg alvorleg. Det har vi jo erfaring for, seier biskop Ole D. Hagesæther.

— Dersom det berre er ein flirt, er det ein vond flirt. Det er ille om nokon brukar slike verkemiddel for å byggje seg eit image. Dette går jo på menneske og deira tru. Kyrkjene våre er heilage plassar der folk ofte har sine sterkaste opplevingar i livet.

Biskopen reagerer spesielt på at eit sjølverklært satanist-band blir nominert til den gjævaste musikkprisen i Norge.

— Eg kjenner knapt sjangeren, men reknar med at det også her blir stilt krav til kvalitet. Mitt spørsmål til nominasjonsnemnd og jury blir: Kan ein sjå bort frå heilt basale, grunnleggjande moralske krav i denne samanhengen? Det håpar eg at juryen og folk flest har i tankane, seier Hagesæther.

Politiet undersøkjer

Gorgoroth er blant fire band nominert i metal-kategorien under Spellemann-utdelinga på laurdag. Musikkskribent Asbjørn Slettemark meiner bergensbandet er av dei mest ekstreme som har oppnådd dette.

— Vokalisten i Gorgoroth er av dei seriøse i sjangeren. Han er religiøs på dette, seier Slettemark, som meiner at dei fleste norske metalband har bevega seg bort frå det sataniske.

— Gorgoroth er unntaket. Dei gjer ingenting for å motbevise mytane. At folk som biskopen reagerer, er deira store marknadsføringsforce, seier han.

— Betyr det at ein ikkje treng å ta vokalisten på alvor?

— Han skal jo seie slike ting. Det er ein del av pakken. Samtidig som ein bør ta han alvorleg, blir det jo litt B-gjengaktig å annonsere slikt på førehand.

Også politiet i Bergen har merka seg uttalane i dokumentaren.

— Vi kjem til å gjere visse undersøkingar, seier overbetjent Odd Hilt i etterretningsseksjonen i Hordaland politidistrikt.

Ein mann framstår likevel heilt uforferda i den kanadiske filmen. Det er rockens horror-veteran Alice Cooper, som ikkje tykkjer norsk black metal er spesielt farleg.

RUNE NIELSEN