HILDE KRISTIN STRAND

— Skremmande, seier brannsjef i Os Stein Gjøsund.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 17.21 tysdag. Innringjaren sa at det brann i taket på eit industribygg. Då brannvesenet kom til staden var det ein del røyk der, og røykdykkarar vart sende inn. Brannen var sløkt i løpet av kort tid.

— Då me var ferdige med sløkkinga, fann mannskapa fem propanflasker, ei acetylenflaske og ei oksygenflaske inst i lokalet. Dei fann òg smørjeolje og nokre kanner med ukjent innhald, seier Gjøsund.

- Livsfarleg

— Dette er livsfarleg. Acetylen er farlegast, og kan eksplodera allereie på 63 grader. Det verste her var at bygget ikkje var merka på utsida slik det skal. Hadde me visst at det var slike stoff i bygget, hadde me sjølvsagt ikkje sendt inn røykdykkarane. Då måtte politiet ha kome og skote sund acetylenflaska, og me måtte ha drive sløkkingsarbeidet frå utsida, seier han.

Gjøsund seier at dersom ein har slike stoff i lokalet, skal desse plasserast nærast mogeleg utgangen, slik at det er lett å få dei ut i tilfelle brann.

Brannsjefen ser svært alvorleg på saka, og seier han fryktar at denne verkstaden ikkje er den einaste som har det på denne måten. Han fortel om eit tilfelle der nokre flasker eksploderte i ein hobbyverkstad i ein kjellar, og seier at dersom brannen ikkje hadde vorte oppdaga så tidleg kunne liv gått tapt.

Bygningen kan verta stengd

— Eg kjem til å følgja opp denne saka. Eigaren får beskjed om å merka bygget og rydda opp, elles stengjer eg det med heimel i brannlova. Dette kjem til å skje dagen etter at politiet har frigjort bygget etter at etterforskinga er avslutta, seier Gjøsund til BT.

Det er ein verkstad som held til i bygget der det brann. Det er eigd av Knut-Jarle Aspenes. Han seier til BT at bygget er leigd ut, og seier at han ikkje har grunnlag til å uttala seg meir på det noverande tidspunkt.

Brannsjef Gjøsund seier at i lova står det at eigar/leigetakar er ansvarleg for at brannforskriftene vert følgd.

— Korleis partane regulerer seg i mellom er opp til dei. Men eigar bør sjå til at brannforskriftene vert følgt, seier Gjøsund.

LIVSFARLEG OPPBEVARING: Dersom brannen i dette industribygget i Os i går ettermiddag ikkje hadde vorte oppdaga så tidleg, kunne liv gått tapt, fryktar brannsjef i Os Stein Gjøsund. Inst i lokalet fann brannvesenet flasker med svært eksplosivt innhald.<br/> Foto: BJØRN S. BJOARVIK