Mannen var i sterk alkoholrus, og drog kniven då han fekk besøk av politiet heime i samband med ei trafikk-sak.

– Det er rutine i slike tilfelle at vi væpnar tenestemennene, seier vaktsjef Rasmus Eikemo i Bergen politidistrikt. Mannen vart pågripen utan våpenbruk, og måtte sitje i arresten natt til torsdag. Torsdag vil det bli vurdert om mannen skal framstillast for varetektsfengsling.