• Eg skal huske fjeste ditt, for du er død.

Relativ klår melding frå 20-åringen som gjekk i strupen på ein kvinneleg politibetjent og ifølgje Fjordane tingrett truga ho på livet.

Den unge mannen truga óg familien til politikvinna, ifølgje dommen.

i alt vart han dømd for åtte forhold; narkotika, trugsmål og fleire valdsepisodar.

Mellom anna skal 20-åringen — etter å ha blitt kasta ut frå ein utestad - ha kome attende og hevda at han skulle både brenne ned puben og husa til dei som jobba der.

Mannen innrømma alle forholda i retten, og tingretten bit seg merke i at han no synest å ha pensa over på eit spor som ikkje inneheld endelaus kriminalitet. Dermed meinte retten at 150 timars samfunnstraff var ei høveleg straff.