Nominasjonsnemnda i Kristeleg Folkeparti Sogn og Fjordane har no lansert sitt forslag til stortingsliste til valet neste år.

Øvst tronar kyrkjeverje og tidlegare Gulen-ordførar Trude Brosvik. Ho var også listetopp ved førre stortingsval, men fekk ikkje plass på tinget.

— Veldig realistisk

— Det er faktisk veldig realistisk å slåst om utjamningsmandat i Sogn og Fjordane. Vi har hatt utjamningsmandat på ein tredjedel av målingane i år, og det er det vi kjemper for å få, seier Brosvik til bt.no.

Nemnda var samrøystes og debatten skal ha gått føre seg utan dramatikk.

På den siste meiningsmålinga Respons Analyse utførte for BT, fekk KrF berre 7 prosents oppslutnad i Sogn og Fjordane. Partiet må minst doble oppslutnad ved stortingsvalet for å få eit direktemandat neste haust. Det har partiet slått frå seg.

Brosvik trur sjansen for å få eit utjamningsmandat til KrF er 50/50.

- Korleis skal de greie det?

— Ved å ha gode saker og gjere ein god jobb i lokalpartia og på fylkesplan. Eg meiner at dei som ønskjer ei ny regjering, men ikkje ein heilt blåblå, bør stemme KrF denne gongen. Då vrir vi det mest mogleg mot sentrum, og det trur eg folk i Sogn og Fjordane ønskjer.

Åtvara

I september åtvara Brosvik mot å opne for regjeringssamarbeid med Framstegspartiet. Det står ho fast på.

— Eg ønskjer eit regjeringsskifte, men eg trur ikkje det blir lett å få til at KrF og Frp skal sitje i same regjering og bli samde om politikken frå dag til dag. Vi er for ulike til det. Nettopp difor håper eg KrF får mykje støtte i valet, så det kan bli ein sentrum/høgre- konstellasjon, seier Brosvik.