Det var ein bit av Tokheimsnuten som rasa ut høgt over busetnaden på Eitrheim. Steinblokkene stansa i ura fleire hundre meter over husa.

— Det er relativt sjeldan at ras slår ut på jordskjelvmålarar. Slikt skjer kanskje eit par gonger i løpet av ein 10-15-års periode, seier professor Kuvvet Atakan ved Institutt for geovitenskap ved Universietet i Bergen.