— Alle sider av saka vart grundig vurdert juridisk før tenesta vart igangsett. Det var SAS og MedHelps oppfatning, basert på slik juridisk vurdering, at tenesta ikkje var i strid med norsk lovgiving, seier informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.

Advokatfirmaet Føyen formulerte i mars i år ein 12 siders rapport på vegner av SAS og Medhelp, der dei slo fast at praksisen med lydopptak var innanfor lova. Etter Datatilsynets motstridande konklusjon har SAS no avslutta praksisen med lydopptak.

— Me meinte det var grunnlag for praksisen. Viss det er slik at me har gjort ein feil, så beklagar me dette. Det var gjort i beste meining med utgangspunkt i juridiske vurderingar, seier Johansen.

— Kor mange samtalar er det gjort opptak av?

— Det er av alle som har meldt sjukefråvær. Me har ikkje dette talet her og no. Avtala har i første omgang berre vore gjeldande for flygande personale.

— Har MedHelp drive katalogisering av sjukdomsopplysningane til SAS-tilsette?

— Med utgangspunkt i dei som vel å bruke tilleggstenesta til MedHelp, dreiar samtalen seg naturlegvis om årsaka til sjukefråvær. MedHelp katalogiserer grovt årsakene som vert meld. Rapportar om dette vert gjort tilgjengeleg for SAS.

— Vart desse opplysningane gitt i den opphavlege samtalen?

— Det var gjort i den første samtalen, og vart tidlegare tatt opp på band.