Svein Kåre Senneset sat i mange år som leiar av utvalet som styrte sjukehusa i Sogn og Fjordane då fylkeskommunen var eigar. No er Ap-politikaren helse— og sosialsjef i Årdal.

Senneset meiner sjukehusvesenet på Vestlandet i folks auge framstår som klønete, etter at det med få dagars er levert to framlegg med høgst ulik innhald om same sak.

Fredag presenterte Helse Førde eit framlegg der sjukehuset i Florø blir avvikla, medan lokalsjukehusa i Lærdal og Eid blir halde oppe både med fødeavdelingar og akuttberedskap. På pressekonferansen der framlegget blei presentert, sa administrerande direktør i Helse Førde, Leif Kapstad, at lokalsjukehusa er uunnværlige.

Måndag kjem Helse Vest med eit framlegg om å leggje ned lokalsjukehus og samle akuttberedskapen på dei fire store sjukehusa på Vestlandet. I ettertid har Førde-direktøren sagt at han ikkje kjende til dei dramatiske framlegga frå Helse Vest.

— Her blir det køyrt to parallelle prosessar som dreiar seg om det same, utan at dei veit om det, konstaterer Senneset.

Han meiner det som har skjedd i sjukehussystemet på Vestlandet dei siste dagane er eit glitrande døme på kor lukka styringa av sjukehusvesenet fungerer. Til og med så lukka at direktørar i føretaka under Helse Vest ikkje veit kva som er på gang.

Ikkje overraska

Men når overraskinga over klønete sakshandsaminga hadde lagt seg, er Senneset ikkje forbausa over framlegga frå Helse Vest.

— Dei legg seg tett opp til signal som er gitt frå Stortinget alt for fleire år sidan, eksempelvis på kor mange fødslar det må vere for at fødeavdelingar på lokalsjukehusa skal oppretthaldast. Helse Vest følgjer opp, og trekkjer det Stortinget har sagt ned på eit vestlandsnivå.

Senneset meiner opprøret må rette seg mot Stortinget og regjeringa.

— Stortinget sit med heile ansvaret for det som no skjer, seier Ap-politikaren og helsebyråkraten.